Cup-suksess for Os-damene
Sist helg tok dei seg til 3. runde i NM. I helga vann Os-damene opningscupen i Haukelandshallen.
Ein betre opptakt til 3. runde-kampen heime mot Tertnes kunne dei knapt ha ønska seg. Etter strålande spel helga gjennom gjekk Os-damene til topps i Årstad IL sin opningscup i Haukelandshallen.
- Det var kanonmoro og stor stemning. Etter det eg veit er dette første gong Os-damene vinn denne cupen, seier assistentrenar Gitte Torp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jamn stigning
Hovudtrenar Trond Førde Eriksen og Torp stilte med 21 spelarar til dei innleiande kampane laurdag. Samtlege fekk spela.
- Me slo Årstad komfortabelt, og tapte 14-17 for Gneist. Det siste fekk god revansje for før helga var omme, humrar Torp.
Til sluttspelet på søndag stilte trenar-duoen med eit meir spissa og toppa lag. Resultata vart betre og betre.
- Først slo me Åsane 28-14 i kvartfinalen. Deretter møtte me Fana 2, som me tapte for i ein treningskamp i Strandebarm sist helg. Denne gongen var dei sjanselause. Dei skåra to mål før pause, medan me køyrde over dei. Til slutt vart det 14-6-siger, fortel Torp.
Godt for sjølvtilliten
I finalen var det klart for eit nytt møte med Gneist. Denne gongen var dei gulkledde osingane hakket kvassare enn dei kvitkledde fanabuane.
- Det var ein jamn og tøff kamp, men me vann fortent etter solid forsvarsspel og variert og godt angrepsspel, fortel Torp.
Onsdag tek dei mot eliteserielaget til Tertnes. Assistenttrenar Torp er sikker på at gjestene får tøff motstand.
- Dei siste kampane har gjeve jentene våre godt med sjølvtillit. Me ser at me spelar betre og betre, og no gler me oss skikkeleg til å spela mot eit topplag. Det er første gong på fire år, så dette blir stort, avsluttar Torp.