Sverre med to suverene NM-gull
Sverre Lunde Pedersen var overlegen både på 1500 og 5000m under NM i enkeltdistansar i dag.
Lunde Pedersen vann med tida 1.47,84 på 1500, heile 1,47 sekund raskare enn Håvard Bøkko på andreplass. Sindre Henriksen tok tredjeplassen.
Halvtfusingen Håvard Holmefjord Lorentzen tok femteplassen med tida 1.50,67.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokre timar etter det suverene gullet på 1500, gjekk han i nest siste par, i lag med Håvard Bøkko, inn til nok eit gull, med tida 6.25,66. Bøkko tok andreplassen også her, heile 10,58 sekund etter Lunde Pedersen.
Første meisterskapsdagen vart med det ein herleg revansj etter at Lunde Pedersen måtte stå over EM grunna sjukdom. Tidlegare i sesongen tok han det etterlengta allround-NM-gullet også.
I morgon er det 1.000 og 10.000 meter på programmet. Osingen skal gå 1.000-meteren.
Meisterskapen går av stabelen i Vikingskipet på Hamar.