Biltur til Bergen blir dyrare i rushet
Måndag vert det innførd tidsdifferensierte bompengar i Bergen.
Hovudmålet med tidsdifferensieringa er i følgje ei pressemelding å redusera biltrafikken i periodane med tettast trafikk og dei største køproblema.
- Ei demping av trafikken i morgon- og ettermiddagsrushet kan gje mindre utslepp, og dermed betra luftkvaliteten, skriv Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skyss sette frå 4. januar inn 300 ekstra bussavgangar dagleg, for å styrkja kollektivtilbodet ved innføringa av tidsdifferensierte takstar.
Slik vert dei nye satsane:
LETTE KØYRETY
45 kroner: Måndag til fredag klokka 06.30-09.00 og 14.30-16.30
19 kroner: Måndag til fredag utanom rush og laurdag til søndag
TUNGE KØYRETY
90 kroner: Måndag til fredag klokken 06.30-09.00 og 14.30-16.30
38 kroner: Måndag til fredag utanom rush og laurdag til søndag
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagens ordning med rabatt, timeregel og passeringstak for trafikantar med AutoPASS-brikke vert vidareført.