Kjøper Bolaks-anlegg - startar avlssenter

SalmoBreed AS kjøper Bolaks AS sin forskningsstasjon i Lønningdal. Selskapet skal etablera avlssenter for laks.

- Dette skal bli eit moderne og framtidsretta avlssenter, og me kjem til å byggja om forskningsstasjonen til dette føremålet, opplyser dagleg leiar Jan-Emil Johannesen.

Anlegget skal halda SalmoBreeds avlskjerne i landfasen, og produsera smolt for stamfisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er svært nøgde med at selskapets langvarige samarbeid med Bolaks vert vidareførd gjennom denne overtakinga, seier Johannesen.

SalmoBreed vil rekruttera personell til oppbygging og drift av det nye avlssenteret.

Lønningdal Rensefisk AS som delvis er eigd av Bolaks, skal leiga sjøvassdelen av anlegget til produksjon av rognkjeks.

Verdsleiane innan avl og genetikk.

Hovudkontor i Bergen.

Eigd av britiske Benchmark Holdings PLC.

Bolaks AS:

Familiedrive selskap med base i Fusa.

Disponerer 10 oppdrettskonsesjonar, i tillegg til setjefiskanlegg og stamfiskanlegg.