Posisjonen gjekk inn for å fjerna fire stillingar ved Os ungdomsskule, men hinta til at midlar til Prosjekt Betre Læringsresultat kunne nyttast til dette. Her frå eit gruppemøte.
Posisjonen gjekk inn for å fjerna fire stillingar ved Os ungdomsskule, men hinta til at midlar til Prosjekt Betre Læringsresultat kunne nyttast til dette. Her frå eit gruppemøte.

Vedtok å fjerna fire lærarstillingar

Dei statlege midlane til lærarstillingar ved Os ungdomsskule blir ikkje kompensert i budsjettet.

Som Os og Fusapostenskreiv i november, står fem stillingar ved Os ungdomsskule i fare for å forsvinna. Det dreier seg om statlege midlar som har blitt gjeve til skular med få lærarar i høve til elevtalet. Utdanningsforbundet reagerte kraftig på det varsla kuttet, og frykta at undervisningstilbodet ved skulen vil bli dårlegare. Dei hevda dessutan at dei statlege midlane som var gitt, ikkje hadde gått til lærarstillingar. Talet lærarar hadde nemleg vore relativt stabilt. Dette vartblankt avvist av administrasjonen. Dei påpeika at nedtrekket som hadde funne stad på Os ungdomsskule, hadde funne stad på alle skular.

- Ikkje kutt for tidleg

I budsjettmøtet tysdag skulle saka avgjerast. I posisjonen sitt budsjettforslag gjekk det fram at 800.000 kroner skulle gå til å oppretthalda den eine stillinga. Dette gjaldt stillinga knytt til meistringsteamet. Lærarstillingane derimot, ville ikkje bli vidareført, og Gisle Hesjedal (Ap) kritiserte Frp/H/KrF for dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Posisjonen har vore flinke til å satsa på tidleg innsats, noko som er ekstremt viktig i skule og oppvekst. Særleg prosjekt Betre læringsresultat har vore viktig her. Men dei som går på Os ungdomsskule i dag, har ikkje hatt gleda av tidleg innsats. Difor må me i ein overgangsfase gjera båe deler - både ha tidleg innsats og gode nok ressursar til spesialpedagogikk i ungdomsskulen, sa Hesjedal.

Rektor Kåre Lutro har nemleg signalisert at spesialpedagogikk er noko av det som kan bli skadelidande dersom kuttet blir realisert. Hesjedal poengterte at etter kvart som prosjekt BLR får effekt, blir behovet for spesialpedagogikk gå ned.

- Me må faktisk ha to tankar i hovudet på ein gong her, sa han.

- Må behandla ungdomsskulane likt

Eirik André Hesthamar (Frp) og Emil Brimsholm (H) svara på kritikken.

- Eg må minna representanten Hesjedal på at Nore Neset ungdomsskule har drive med fire lærarressursar færre i perioden. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at Os skal ha fire ressursar meir.

Han hinta også til at potten som Frp/H/KrF vil setja av til prosjekt Betre læringsresultat - ein sum på 3,2 mill. kroner kvart år - også kunne nyttast til lærarstillingar.

- I vårt budsjettforslag står det ikkje noko om korleis desse midlane faktisk skal brukast. Eg synest Hesjedal skal halda seg for god til å forskottera korleis styringsgruppa vil forskottera midlane, sa Hesthamar.

Brimsholm minna om at det har vore kjent at prosjektet med auka statlege lærarressursar var midlertidig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trist, men takka for håp

I sin svarreplikk sa Hesjedal at i Ap sitt alternative statsbudsjett, hadde dei føreslått at midlane til ekstra lærarressursar skulle vidareførast. Dessutan var det meininga at prosjektet skulle evaluerast.

- Det triste er at dagens regjering har valt å kutta ut dette, utan å evaluera effekten. Men det blir sagt her at midlane kanskje blir tilbakeført likevel, gjennom prosjekt BLR. Eg håpar inderleg at det vert gjort, sa Hesjedal.

Les meirom budsjettvedtaket her.