Vesle Anna (t.v.) hadde medbrakt egg å spela på.  Astrid (t.h.) fekk vera konferansier Klingelings assistent.
Vesle Anna (t.v.) hadde medbrakt egg å spela på. Astrid (t.h.) fekk vera konferansier Klingelings assistent.

Leik og moro i Lydgrotten

All lyd kan bli musikk! Det fekk 100 små og store erfara då «Lydgrotten» kom til Oseana laurdag.

-Eg kan også hjelpa til, ropar ein liten gut og vert henta fram på scena som assistent for perkusjonisten, Professor Bom Ching.

Som reklamen lova, var det berre fantasien som sette grenser i Vargasalen i Oseana denne laurdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lydgrotten er ei framsyning i regi av BIT20. Her inne bur konferansier Klingeling, Mester Blåseflis, Professor Bom Ching og Magikar Pling Plong. Dei lager musikk, men treng hjelp frå borna til å fullføra verket sitt.

Heldigvis var det mange små osingar som ville hjelpa til. Fleire hadde til og med teke med eigne instrument. Enten i form av ein kazoo, ei fløyte eller ei rangle. Eller dei brukte sin eigen kropp som instrument.

- Velkomen til Lydgrotten. Her skjer dei underlegaste og dei vidunderlegaste ting, lovar Klingeling og inviterer etter kvart 15 born fram til å spela på ulike heimelaga instrument.

15 born bidrog på heimelaga instrument og medbrakte lydar.
15 born bidrog på heimelaga instrument og medbrakte lydar.
Dina spelte på ei strengekasse.
Dina spelte på ei strengekasse.
Applaus for den flinke gjengen!
Applaus for den flinke gjengen!

Og kven har sagt at ikkje ei steikepanne med strengar kan laga musikk? Eller at eit sugerør i ein balje med vatn ikkje kan vera vakkert?

Alle som var i Vargasalen i dag veit i alle fall at det kan det.