Vegen stengt mellom Kilen og Henanger

Under vedlikehaldsarbeid av Henanger bru raste vegmassar ut i elva. Vegen er stengt fram til kl 17 i dag.

Torsdag klokka 16 skjedde eit uhell i samband med arbeid på Henanger bru på fylkesveg 549 i Fusa. Vegmassar raste ut i elva, og vegen er stengt grunna oppryddingsarbeidet.

- Me har fått melding om at vegen er venta opna att kl 17 fredag, opplyser Ken Ove Holm hjå Vegsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bussen går i rute som normalt fram til brua, og køyrer deretter via Ølve og Gjermundshamn.