Rumenarar, rus og rangling

Politiet har fått melding om fleire tilfelle av plagsam tigging det siste døgnet. Dei måtte også hanskast med overstadig rusa personar.

Den siste tida har pågåande tiggarar vore eit problem i Os. Fredag vart ikkje noko unntak. Midt på dagen fekk politiet melding om ein pågåande tiggar ved Plantasjen. 

- Han verkar først hjelpsam, og skal hjelpa til med å bera varer, kanskje særleg for eldre kundar, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men når "jobben" er gjort, viser det seg at det kostar pengar.

- Han krev betaling når han kjem bort til bilen. Politiet tok mannen inn til avhøyr, og han vart deretter bøtelagt for skremmande og plagsom framferd, seier Eidsnes.

 

 

Rumenarar 2

Seint på kvelden fredag, fekk politiet igjen melding om tigging ved Plantasjen. Denne gongen gjaldt det fire personar.

- Dei gjekk rundt og bad om kontantar, eller skal ha deg til å skriva under på noko papir dei har med seg. Politiet kom til staden, men då var dei dessverre reist. Dei tok ferja over til Sandvikvåg, og politiet der fekk melding om å ta ein prat med dei, opplyser Eidsnes.

Rusa passasjerar og misnøgd kone

Klokka 0039 i natt fekk politiet tips om mulig køyring i rusa tilstand i Lysefjorden. Dei fekk stoppa bilen på Fanafjellet.

- Det viste seg at føraren var edru, men det vart gjort funn av hasj i bilen, og ein av passasjerane var rusa, fortel Eidsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein taxisjåfør fekk også ein rusa passasjer å ta seg av. Han vart sett av ved Rema 1000 Kuven Stasjon litt før kl 3 i natt.

- Mannen i 30-åra ramla omtrent ut av taxien. Politiet kom og fann at mannen hadde lagt seg til å sova i busskuret, seier Eidsnes.

Etter mykje om og men fekk dei heimeadressa ut av mannen, og han vart køyrt dit. Mannen hadde ikkje nøkkel, men Eidsnes opplyser at dei fekk kontakt med ei svært misnøgd hustru.