Ståle Steen Sæthre og Lysekloster møter Åsane i 2. runde i cupen.
Ståle Steen Sæthre og Lysekloster møter Åsane i 2. runde i cupen.

Lysekloster vs Leikvoll Moberg og Lassen

Lysekloster skal bryna seg på Åsane i 2. runde i NM.

Det blei ikkje eliteserie-motstand på Lysekloster i cupen. Om dei i år skal få måla krefter med eliten i Noreg, må dei ta seg forbi Åsane på vegen. Kampen går heime i Lysekloster Framo Idrettspark onsdag 27. april.

- Vi synes det er ok å møta Åsane. Vi ønskte ikkje å møta eit lag frå Post Nord-ligaen. Vi håpte på Brann, men dei rota det jo til på merkeleg vis mot Førde, og rauk alt i førsterunde, seier Svein Kollen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Oppsettet er heilt greitt. Vi har uansett fokus på serien.

Då Os og Fusaposten snakka med Lysekloster-trenar Thomas Sandal etter derbyet mot Os, fortalte han at det ikkje var så viktig kven dei trekte i neste runde, så lenge dei fekk heimekamp. Det ønsket gjekk altså i oppfylling.