Tone Hepsøe var partiet sin varaordførarkandidat til kommunevalet i fjor haust.
Tone Hepsøe var partiet sin varaordførarkandidat til kommunevalet i fjor haust.

Ny leiar i Os Ap

Tone Hepsøe vart i går vald til ny leiar i Os Ap.

Hepsøe vart vald på Os Ap sitt årsmøte. Hepsøe var partiet sin varaordførarkandidat til kommunevalet i fjor haust.

- Eg vil takka Os Arbeidarparti så mykje for tilliten eg har fått. Det vert spanande arbeid framover. Eg er glad eg har med meg eit styre med mykje kompetanse og eit dyktig kommunestyrelag, og eg gler meg og til å få bidra inn i Programkomiteen i Hordaland Arbeiderparti, kommentere Hepsøe.