Vil måla krefter mot Bjørnefjorden
Akkurat no pågår det eit eksperiment som tek sikte på å avklara om sjølvaste Bjørnefjorden let seg temja.
I fjor sette Os kommune av 7 mill. kroner til å utforska potensialet for bølgjedemparar i Os hamn.
- Lukkast me i å temja Bjørnefjorden vil dette tilføra ny aktivitet og handel til Osøyro, heitte det i budsjettvedtaket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også i 2016 og -17 vart det sett av midlar til prosjektet, til saman 21 mill. kroner.
Pågåande testing i Spania
Men teknologien er ganske ny og uprøvd. Det er difor lagt opp til ei ekstern kvalitetssikring av den tekniske løysinga før ein kan gå i gang.
- Eg har stor tru på dette. Nett no er 1/8-dels modell av ein bølgjebrytar til testing i Spania der han blir utsett for storm og bølgjer, seier prosjektsjef Tor Inge Døsen.
Første på plass i haust?
Dersom det er vellukka, og kommunestyret er einige, vert det sendt anbodsgrunnlag på denne prototypen.
- Dersom me då får lagt ut eit anbod på den første bølgjebrytaren i løpet av våren, vonar eg at den første kan vera på plass i haust. Då får me sjå korleis han fungerer, seier Døsen.
Samtidig blir det køyrt i gang reguleringsplan for dei andre bølgjebrytarane. Dermed kan alle hamneinteressene avklarast og kommenterast.
Visuelle framandelement?
Men ikkje alle er like begeistra for tanken om bølgjebrytarar like ved inngangsporten til Os.
- Enkelte ser dette som visuelle framandelement i hamnebassenget vårt. Eg ser ikkje så mykje på det visuelle, men meir på dei moglegheitene dette skaper. Det indre hamnebassenget kjem til å bli heilt fantastisk dersom me får dette til - både for osingar og besøkjande, seier Døsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Teknisk løysing
- Er han synleg over havoverflata?
- Ja, han vert synleg med cirka to meter over vatnet. Me snakkar om eit røyr på 1,5 til 2 meter i diameter. Og det vil vera festa med ein stålkonstruksjon ned i sjøen. Eitt element vil ta seg av undersjøisk straum, eitt øvre element vil ta seg av bølgjene.
- Noko av sjøsprøyten vil slå over bølgjebrytaren, men bølgjene vil mista krafta og detta ned like bak her. Det er i alle fall teorien, seier Døsen.