Mamma Martha og pappa Jarle gratulerer sølvguten etter mil-løpet i Berlin søndag.
Mamma Martha og pappa Jarle gratulerer sølvguten etter mil-løpet i Berlin søndag.

Stolt, glad og rørt pappa

Jarle Pedersen har nærast ikkje ord når han skal forklara kor stolt han er over Sverre Lunde Pedersens VM-sølv. Kanskje ikkje så rart ettersom han nær har mista stemmen.

- Ja, beklager at det ikkje er så lett å høyra kva eg seier. Du skjøner eg skreik meg fullstendig tom då Sverre gjekk 5.000-meteren i går. Me prøvde forgjæves å få arrangørane til å fjerna dei lause klossane som låg i skeisebanen då Sverre gjekk. Heldigvis unngjekk Sverre å gå på dei. Det er me veldig glade for i dag, nærast rope-kviskrar pappa Jarle.

Han har knapt stemme igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me fekk nokre ord med den stolte faren medan han og Sverres mor var på middag og feira VM-sølvet søndag kveld.

- Martha og eg er i lag med ein del vener frå skeisegruppa til Fana IL. Det er utruleg moro å få feira ein så stor oppleveing med gode vener, fortel han.

«Os og Fusaposten» har foreviga eit bilete frå då Sverre vert gratulert av pappa Jarle og mamma Martha. Biletet er rørande.

Assistentrenar Edel Therese Høiseth, trenar Sondre Skarli og fysioterapeut Aleksander Killingmo jublar i lag med sølvguten Sverre i Sportsforum Berlin søndag ettermiddag. (Priat foto)
Assistentrenar Edel Therese Høiseth, trenar Sondre Skarli og fysioterapeut Aleksander Killingmo jublar i lag med sølvguten Sverre i Sportsforum Berlin søndag ettermiddag. (Priat foto)

- Kva var det som vart sagt der?

- Nei, det var sjølvsagt ein følelsesmessig sterk augenblink. Me veit kor mykje Sverre har jobba for dette, og  det var,,,, nei, det var j. deilig. Herleg å få gratulera guten, seier Jarle, medan hurraropa ljomar i bakgrunnen.

- Elles fekk han vel fram nokre ord om at han var knusenøgd med dei tre siste distansane i meisterskapen. Det kunne me seia oss godt einige i, ler den tidlegare landslagstrenaren.

Fjør i hatten for mange

- Me har sjølvsagt prøvd å ringja Sverre også, men han er vel oppteken?

- Ja, dei er nok på bankett. Han må få lov til å feira litt no, ler Jarle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Og det kan de også.

- Ja, i kveld skal me mora oss. Det er mange som har grunn til å gle seg over denne prestasjonen. VM-sølvet er først og fremst Sverre sitt, men det er mange som skal ha litt av æra for at han har nådd så langt og blitt så god. Då tenkjer eg på alt frå folk i skøytegruppa til Fana IL, trenarar og støttespelarar i Skøyteforbundet, og alle andre som har vore med på å leggja til rette for at Sverre har kunnet satsa som han har gjort.

- Trudde du at VM-sølv var realistisk før meisterskapen starta?

- Ja, både eg Sverre og trenar-teamet hadde trua på det. 

- Det var eit par mann som ikkje var friske og kunne konkurrera. Hadde det noko å seia for Sverres plassering?

- Nei, i den forma Sverre er i no er det ingen som kunne hindra han frå å ta sølvet. Sverre var nestbest i verda og viste det til fulle, avsluttar Jarle, før han går tilbake til selskapet og unnar seg ein feirings-skål eller to til.