Krimteknisk undersøkjer bilbrannar i dag
I dag kjem krimteknisk for å undersøkja dei to bilbrannane som fann stad i Os same morgon.
Tidleg sundag morgon kommeldinga om den første, og mest dramatiske bilbrannen. Det skjedde i Midtbøvegen klokka 4.15, og bilen stod utanfor eit hus med tre personar i.
- Bilen var ikkje i bruk, og dei tre som var i huset kom seg trygt ut. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen og sløkt. Men det skjedde veldig nært huset, og dei har vore heldige med at huset ikkje tok fyr, seier Anne Lyssand ved Os lensmannskontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokre timar seinare tok ein annan bil fyr i Lysefjorden. Den skal ha vore gamal, og i full fyr då brannvesenet kom til staden.
Kvifor?
Måndag kjem krimteknisk til Os for å undersøkja dei to brannane.
- Kvifor tok bilane fyr?
- Det veit me ikkje. Det er det krimteknisk kjem hit for å få greie på, seier Lyssand.
- Er det grunn til å tru at det er nokon samanheng mellom dei to bilbrannane?
- Det tvilar eg på. Men brannteknisk undersøkjer båe tilfella når dei først er her, seier politibetjenten.
Frå politiloggen går det fram at politiet har vore i kontakt med eigaren av bilen i Lysefjorden, og ikkje funne at han hadde nokon grunn til sjølv å setja fyr på bilen.