Trufaste til si bygd
Ap gjorde eit brakval i Eikelandsosen. Strandvik er Sp-bygda framfor nokon. Sjekk resultata frå kvar krins i Fusa her.
Ap fekk 43,1 prosent av stemmene i Eikelandsosen, og gjorde det også sterkare på Fusa enn tidlegare. Her fekk partiet 28,8 prosent av stemmene.
Sp fekk 68,6 prosent av stemmene i Strandvik, medan Aud-May Boge og Høgre gjorde det sterkt i Boges heimbygd Nore Fusa, der dei fekk heile 49,8 prosent av stemmene.