Petrit Zhubi skåra eitt og skapte mykje for Lysekloster i 5-3-tapet for Vålerenga 2 i Valhall i dag. (Arkiv
Petrit Zhubi skåra eitt og skapte mykje for Lysekloster i 5-3-tapet for Vålerenga 2 i Valhall i dag. (Arkiv

Thriller i Valhall

Oppgjeret mellom Vålerenga 2 og Lysekloster blei både målrikt og spanande.

Lysekloster la seg bakpå frå start av, likevel kom Vålerenga 2 til mange sjansar. Heimelaget putta to gonger før Lysekloster reduserte ved Sebastian Holmqvist. Heimelaget la på til 3-1 før pause. Vel fortent etter dei første 45.

Aktiv Zhubi

I andreomgang var det eit heilt anna Lysekloster-lag som kom på banen. Det gjekk berre to minutt før Petrit Zhubi fann nettmaskene. Lysekloster trykka på for utlikning, men vel ti minutt ut i andreomgang fekk Vålerenga 2 straffe, og auka til 4-2. Lysekloster svara med å gå rett i angrep og sikra seg eit straffespark dei òg. Baste Jonassen var sikker frå krittmerket, og på ny var det spenning i kampen. Zhubi var livleg i dag, og etter 70 minutt skaffa han seg sjølv ein stor moglegheit til å utlikna. Han snappa ballen frå forsvararen og fossa mot mål, men kom diverre litt for skrått på åleine med keeper, og makta ikke å få ballen forbi Vålerengas sisteskanse. Fem minutt seinare kom nok ein sjanse til å utlikna, men headingen gjekk rett på keeper. Då skjedde det som ofte skjer i fotball. Når eit lag ikkje tek vare på sjansane sine, så skårar motstandaren. Etter skåringa kunne det sjå ut til at lufta gjekk litt ut av munkane. To minutt inn i overtiden fekk Lysekloster ein dobbelsjanse, men ingen kvit-kledde klarte å få ballen i mål. Dermed blei det eit 5-3-tap for Lysekloster i Valhall i dag.