(Arkiv
(Arkiv

Dette skjer i utelivet i jula

Her får du ein oversikt over programmet til utestadene i jula.

I Eikelandsfjorden samfunnshus blir det tradisjon tru arrangert romjulspub 2. juledag.

- Dørene opnar klokka 22.00. Me har lokale musikarar på programmet. Standing Still er på scenen den første timen, før Håvard Skåtun tek over, seier pub-arrangør Rickhard Markhus, og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me håpar på stinn brakke. Det plar koma folk i alle aldrar. Det eine året me hadde Bris på scenen var dei yngste publikumarane 18 år, og dei eldste over 90, seier Markhus og ler.

Musikalske svisker

I Os er det fleire arrangement å velja i. Solsiden "ringer jula inn" i dag.

- I dag skal me syta for god julestemning med juleslagerar. Første juledag er Jon Asher bak pianoet, og andre juledag serverer musikalske svisker ut i natta, seier dagleg leiar, Tor Andre Sagstad og held fram:

- Det blir sjølvsagt fullt program på fotball og sport òg. I jula blir det eigne opningstider i samband med underhaldning- og fotballprogram.

Romjulsblues og nyttårsparty

Peppes og Bar(t) arrangerer romjulsblues 2. juledag. Dei har eit variert program, med blant anna Golvkaldt, Kurt Røttingen og Ada Keita med band på tapetet. Nyttårsaftan er held desse to stengt, men Catten Nightclub skal ha nyttårsparty med dj og pianobar.

- Veslejulaftan blir det førjuls-quiz, og veslenyttårsaftan blir det romjulsquiz. Første og andre juledag, har me dj og pianobar, seier dagleg leiar, Bjarte Andersen.

Romjulsfest på Nore Neset

Det største arrangementet i romjula er det Osfest-arrangørane som står for.

- Me tek heile Nore Neset Aktiviteshus i bruk, så me har over 1.000 kvadratmeter å boltra oss på, seier primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os´ eigen Gina Aspenes kjem, i tillegg til Pogo Pops og Rolling Clones. Me har omtala denne saka tidlegare, resten kan du lesaher.

I tillegg til desse arrangementa, er det heilt sikkert fleire spanande lokale arrangement på gang ute i krinsane.