Sprengingsarbeid gjev trafikkstopp ved Kolskogheiane
Bilistane som skal via Ulvenvegen eller Kolskogheiane den neste veka, kan risikera å bli stoppa medan Veidekke driv på med sprengingsarbeid.
Det er Geir Brekke ved Statens Vegvesen som opplyser at 5.000 kubikkmeter stein skal sprengast vekk for å jamna ut noko terreng i området i samband med førebuing til tunelldriving gjennom Skogafjell.
- Det skal ikkje skapa dei heilt store vanskane for trafikken, men bilistane må periodevis, i ei veke halvanna veke, rekna med å bli stoppa i korte periodar, seier Brekke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er Vassbakk & Stol som utfører arbeidet på vegner av Veidekke.