Tøft å driva nærbutikk
Om sommaren kryr det av turistar utanfor Buena Nærbutikk. Diverre er det ikkje så mange som kjem inn for å handla.
- Dei som skal med båten til Lysøen kjem oftare innom for å handla enn cruise-turistane. Dei vert som regel guida rett forbi av guiden, seier dagleg leiar Frank Jensen.
Men heldigvis finst det òg nokre guider som er flinke til å visa turistane inn i butikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då kan det fort gå mykje brunost, røykelaks og moltesyltetøy, smiler Jensen.
Butikksjefen meiner at turistane vert skremd av dei norske prisane, og at dei mistenkjer at butikken aukar prisane når det er turist-sesong.
- Det gjer me jo ikkje, men eg kan forstå at dei trur det. Til dømes så kan du nesten få eit fullt brett med øl i Tyskland til same pris som ein øl i Noreg, seier Jensen.
Avhengig av dei lokale
Lysefjordingen har drive butikken sidan 1999. Han fortel at det ikkje er enkelt å driva nærbutikk. Det er ein del å henta på turistar i sommarmånadane, men om nærbutikken skal overleva, er han avhengig av at dei som bur i Lysefjorden er flinke til å nytta tilbodet året rundt.
- Me har nokre stamkundar, men me ser at det er mange som trekker til dei større butikkane, seier han.
Jensen vil oppmoda Lysefjordingane til meir nærbutikk-handel, om dei framleis ønskjer å ha butikk i Lysefjorden.
- Det er me avhengige av for å halda liv i butikken, seier Jensen.
- Vêret påverkar handelen
Vêret i sommar har gjort at båtfolket glimrar med sitt fråvær, noko som også harvore eit problem for Bunnpris Vedholmen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har 25 prosent mindre i omsetnad i sommar i forhold til sommarmånadane i fjor. Turistar som kjem innom, skal ikkje handle. Dei skal gjerne bare ha ei flaske vatn, medan båt-folket handlar meir. Me merker godt at vêret påverkar handelen, seier Jensen.