Det er strenge reglar for hummarfiske i Noreg. I Hordaland er det lov å fiska hummar fram til 30. november. (Illustrasjonsfoto)
Det er strenge reglar for hummarfiske i Noreg. I Hordaland er det lov å fiska hummar fram til 30. november. (Illustrasjonsfoto)

Tre saker den siste månaden

30. september kverrsette Kystvakten 17 ulovlege hummarteiner i Os. Beslaget er ikkje det einaste i kommunen sidan hummarfisket starta 1. oktober.

For nokre dagar sidan overleverte Kystvakten dei kverrsette teinene til politiet i Os.

-Teinene vart oppdaga før det var lov å setja ut hummarteiner. Forholdet er difor meldt til politiet, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel vidare at politiet har ein mistenkt i saka, og at vedkomande skal inn til avhøyr så snart som mogleg.

- Før personen er avhøyrt kan eg ikkje seia noko om kor vidt det er han som eig alle teinene, eller andre detaljer i saka, opplyser Hadler-Olsen.

På kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane er det tillate å fanga hummar frå 1. oktober klokka 08.00 til og med 30. november.

Dagen før hummarfisket starta, kverrsette Kystvakten 17 hummarteiner i Os. (Illustrasjonsfoto)
Dagen før hummarfisket starta, kverrsette Kystvakten 17 hummarteiner i Os. (Illustrasjonsfoto)

For resten av landet er fisketida frå 1. oktober klokken 08.00 til og med 31. desember.

Det er ikkje lov å setja meir enn ti teiner med mindre du er yrkesfiskar, minstemålet er 25 centimeter, og hummar med synleg rogn er freda heile året, går det fram av Fiskeridirektoratet sine reglar for hummarfiske.

- Vi har hatt tre saker som omhandlar hummarfiske den siste månaden, opplyser Hadler-Olsen.