Vassreinseanlegget jobbar på spreng
Os kommune vurderar å senda ut forbod mot hagevatning og bruk av spreiarar i ein periode om varmen held fram.
Hugs å ikkje sløsa med vatn, skriv Os kommune på heimesida si.
Når varmen stig, aukar også vassforbruket.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det varme vêret gjev oss nokre utfordringar. Vassreinseanlegget jobbar på spreng for å levera nok og reint vatn til abonnentane, skriv Os kommune.
Gjekk på maks kapasitet
Anlegget som syt for trygt og hygienisk vatn gjekk søndag 27.05 på maksimal kapasitet, og klarte nesten ikkje å levera nok til det auka forbruket.
– Vi oppmodar deg til å redusera bruk av spreiarar og slangar til hagevatning og liknande. Om forbruket framleis ikkje går ned, vil Os kommune vurdera å senda ut forbod mot hagevatning og bruk av spreiarar i ein periode om varmen held fram, skriv Os kommune.
I Strandvik og Vinnes er det noforbod mot hagevatning.