I dag røystar dei for første gong
I heile år har me følgt Marte Skåtøy og Amalie Styrvoll fram mot sitt første val. Dei er trygge på valet sitt når dei går til valurna i dag.
Då me møtte ungdomane frå Os gymnas i dag, hadde dei begge skifta parti for tredje gong. I februar ville deigått for Søviknes. På førsommaren hadde dei funnenye parti. Då fekk dei ogsåei innføring i lokalpolitikk av varaordførar Marie Bruarøy. Skåtøy lena då mot Arbeidarpartiet, medan Styrvoll ville røysta på Høgre. No har dei funne nye favorittparti.
- Eg har vore fram og tilbake mellom Høgre og Venstre. Dei er ulike, men samstundes står dei for mykje av det same, noko eg for øvrig føler dei fleste partia gjer i mange av sakene. For meg var det skuledebatten som var utslagsgjevande. Jon Sivert Rykkel og Venstre får mi stemme, seier Styrvoll og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han køyrde nærast over dei andre debattantane, men han var ikkje ufin. Han var sakleg, og snakka mykje om Os, medan fleire av dei andre nesten snakka meir om Bergen.
Går for Høgre
Styrvoll er einig i mykje av politikken til Venstre, og trekkjer fram fleire arbeidsplassar, fokuset på skule og standpunktet i bru-saka som nokre av dei sentrale punkta. For Marte stod det mellom Arbeidarpartiet og Høgre sist me snakka med ungdomane. Då landa ho på Arbeidarpartiet, om ho måtte velja då. I dag kjem ho til å røysta på Høgre.
- Eg er mest einig med Høgre, som har mykje fokus på dei eldre i kommunen. Eg er også einig i deira standpunkt i bru og vegsakene, seier Skåtøy.
Tilhengjar av varaordføraren
Då Skåtøy møtte varaordførar og partileiar for Høgre, Marie Bruarøy, fekk ho eit godt inntrykk.
- Er det lett for at ein røystar på personar ved eit kommuneval, i staden for å sjå på partiprogrammet?
- Det kan godt vera. Marie Bruarøy verkar å vera ein person med gode verdiar, og det spelar sjølvsagt inn i valet. No må eg presisera at eg ikkje kjenner ho. Eg har berre møtt ho to gonger, men det er inntrykket eg har av ho, seier Skåtøy.
Ho har fått med seg at det er enkelte som meiner at ho og Høgre berre gjer som ordførar Terje Søviknes og Frp ønskjer.
- Det er berre tull. Ein kan blant anna sjå på ishall-saken. Høgre er motstandarar av bygging av hallen, i alle fall dei neste åra. Det er eg heilt einig i, seier Skåtøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ishallen bør leggjast på is
Ingen av dei ser det store behovet for ishall.
- Me tvilar på at dette er eit tilbod som mange ville nytta. Det er også eit prosjekt som kostar masse pengar, seier Styrvoll.
Jentene har fått med seg at gjelda til Os kommune er på over 1,5 milliardar kroner. Skåtøy stilte ordføraren nokre økonomi-relaterte spørsmål då klassen vitja rådhuset for kort tid sidan.
- Då skrytte han av at Frp klarte å halda økonomien stabil utan å innføra eigedomsskatt. Men når gjelda veks, så er ikkje økonomien stabil. Søviknes og Frp er glade i å byggja, men det er kanskje ikkje så lurt å setja i gang med Ishall slik økonomien er, skyt Skåtøy inn.
- Bruk heller pengane på Os sentrum
Ungdomane er glade for at det vert snakka om å få "liv på Øyro".
- Når laurdagen kjem, er det ingen i vår krets som tenkjer at det hadde vore kjekt å ta ein tur til Os. Me ser at dei held på med å rusta opp, og forhåpentlegvis blir det betre. Me håpar også at det kjem nokre nye butikkar som er mynta på ungdomar, seier Styrvoll.
- Kommunen burde mykje heller spytta inn litt ekstra pengar til oppgradering av sentrum enn å byggja ishall, seier Skåtøy.
Spanande å røysta for første gong
Kommunevalet har naturleg nok fått mykje merksemd både på fjernsynet, nettet og i papiravisene. Men jentene er ikkje lei av alt snakket om politikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det skal bli godt å bli ferdig, men det har vore kjekt å følgja med. Det er spanande at me no skal røysta for første gong, og kan vera med og påverka kva som skal skje vidare med bygda, seier Styrvoll.
- Eg er heilt einig. Media må skriva om det, og det er viktig for veljarane at dei gjer ein god jobb, slik at me får god bakgrunn for valet, seier Skåtøy.