Kryssar brua med hjarta i halsen
Gamlebrua på Søfteland er i så dårleg stand at grunneigar åtvarar turgåarar frå å kryssa ho. Rita Staknes og dottera Milla er flittige brukarar av turstien, og håpar nokon tek ansvar og fiksar ho.
- Det er så mykje betre å gå her inne i skogen, enn det er å gå sykkelstien på motsett side av vegen, der det til dømes kjem mange syklistar i stor fart, seier Staknes, som ofte går tur med både Milla og hunden.
- På sykkelstien kan eg ikkje la dei gå fritt for seg sjølv, i frykt for at dei skal på påkøyrd, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå kontrollsona til skulen
Rita og fleire av naboane i det nye byggjefeltet i Hjellemarka, bruker turstien flittig. Stien startar bak første busstopp etter kontrollsona på Hetleflåten, når ein kjem frå Os i retning Bergen. Stien held følgje med E-39 heilt bort til skulen.
- Me plar gå bort til skulen, før me går ein runde i Lerkevegen, tilbake på stien, og heim att, seier Rita.
Etter det Os og Fusaposten kjenner til, er det fleire i nabolaget som håpar at nokon vil ta ansvar og fiksa brua.
Ønskjer ikkje å stengja brua
Bjørn Bergstø eig grunnen som brua er på. Han fortel at han har hengt opp skilta slik at folk skal vera klar over faren. Brua må fiksast, eller så må ei ny bru byggjast, uansett så er ikkje grunneigar interessert i å sitja att med heile rekninga.
- Eg let gjerne folk gå på min grunn, og eg har ikkje lyst til å stengja brua, men eg meiner at det ikkje er rett at eg skal måtta betala heile rekninga. Det var her Osbanen gjekk tidlegare, og det er kulturhistorisk grunn. Eg håpar kommunen vil vera med og spleisa på jobben, seier Bergstø.
Håpar på rask ordning
Kommunen har tidlegare ikkje vore villige til å støtta sikring av brua, men no er grunneigar og kommune i dialog igjen.
- Eg håpar at me kan koma til ei ordning så snart som mogleg. Det er mange som nyttar vegen, og eg håpar me kan få til ei løysing før det skjer ei ulukke, seier Bergstø.