Med siger i kveld kan Nore Neset A-lag redda kontrakten i 5. divisjon.
Med siger i kveld kan Nore Neset A-lag redda kontrakten i 5. divisjon.

Kan redda kontrakten i kveld

Trass til dels svake resultat kan Nore Neset A-lag redda 5. divisjonsplassen i kveld.

Nore Neset A-lag har hatt ein klart svakare sesong enn dei hadde håpa på på førehand. Laget har lege på nedrykksplass i store delar av sesongen, men trass i dette er det framleis håp i hengjande snøret.

Med siger i sesongens siste kamp, heime på Nore Neset i kveld, er det mykje som talar for at Nore Neset blir å finna i same divisjon også neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å seia det enkelt bør me slå Nordre Fjell i kveld. Gjer me det, er det gode sjansar for at me vert tredje sist i vår avdeling (03). I så fall er 5. divisjonskontrakten truleg sikra, seier trenar Arne Sælensminde.

Litt viss og men

Han seier «truleg» fordi Nore Neset er avhengig av heldige utfall i andre kampar, både i eiga og andre avdelingar.

– Det er litt komplisert, men isolert sett er det slik: I vår avdeling må me vinna, medan tabellnabo Bønes må tapa eller spela uavgjort. Står det om målskilnad har dei før siste kamp to mål meir i pluss enn oss, forklarar Sælensminde.

Bønes møter tabelltopp Frøya borte – eit lag som ikkje har tapt heime heile denne sesongen.

– Me skal gjera vår jobb, så får Frøya forhåpentlegvis gjera sin.

– Men så var det endå eit viss?

– Ja, det er altså tre 5. div-avdelingar i Hordaland. Blant desse tre vil berre det dårlegaste av laga som kjem på tredje siste plass rykkja ned. Me har no 15 poeng. I Os 2 si avdeling er det tre lag som har 14. Håpet vårt er sjølvsagt at uansett om me skulle koma til å tapa poeng, men likevel passera Bønes i vår avdeling, så vil det tredje siste laget i den avdelinga ha færre poeng enn oss.

Godt førebudde

I vårens kamp tapte Nore Neset 4-2 for Nordre Fjell. Likevel meiner Arne at Nore Neset skal ha ein bra sjanse for å vinna mot laget frå Sotra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bortekampen mot Nordre Fjell var jamn. Spelemessig var me heilt på høgden. I kveld stillar me med full tropp, inkludert fire svoltne junior-spelarar. Me er klare, og eg trur me har ein fair sjanse til å vinna, seier Nore Neset-trenaren.

Inga spenning

Dei resterande lokale seniorlaga frå Os og Fusa får ei meir avslappande avslutning på sesongen.

Søfteland ligg på fjerdeplass i 5. divisjon avdeling 01. Dei avsluttar sesongen borte mot Fri på søndag.

Os 2 ligg på 6. plass i 5. divisjon avdeling 02 med 32 poeng. Dei avsluttar borte mot Gneist 2 i kveld.

Eikelandsfjorden enda på 7. plass i 6. divisjon avdeling 03.

Damelaget til Os/Nore Neset ligg på 8. plass i 4. divisjon før dei avsluttar sesongen borte mot Årstad komande søndag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no