Vil lokka jenter til realfag

Medan norske høgskular og universitet slit med å rekruttera kvinner til real- og teknologifag, strøymer jentene til Forskerfabrikkens sommarskule i kjemi, fysikk og biologi. Måndag 3. august kjem "fabrikken" til Os.

I starten av august er det duka for årets sommarskule rundt om i Noreg. I år vert det arrangert nesten 200 sommarskular i heile landet, alt frå store byar til små bygder, og om lag 5.000 forskarspirer vil delta.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå måndag 3. august til og med fredag 7 . august vil Os barneskule ha besøk av mange ivrige miniforskarar. Gjennom heile veka skal dei forska og eksperimentera.

 

Forskefabrikken har arrangert sommarskule sidan han blei etablert av Hanne S. Finstad for 13 år sidan. Røynslene viser at trass i at kvinner er underrepresenterte i realfag både i den vidaregående skule, høgare utdanning og i yrkeslivet, kan Forskerfabrikken skilta med ein høg jenteandel.

- Nesten halvparten av deltakarane på fjorårets sommarskule var jenter. Dette er ein trend vi har sett over flere år, seier Finstad.

Forskerfabrikken meiner tidleg satsing er avgjerande for å koma i mål med realfagssatsinga regjeringen no går inn for

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Mens jenteandelen øker blant studentene i Norge, står rekrutteringen av jenter til realfag stille. Kvinner utgjør bare 16 prosent av alle uteksaminerte studentene i real- og teknologifag. Samtidig etterlater forskning liten tvil om at det er nødvendig med et realfagsløft i Norge. Nå viser ferske tall at sommerskole i realfag for barn og unge kan være et slikt løft.

Rekordmange forskerspirer

For å få barn og unge interessert i realfag arrangerer Forskerfabrikken sommerskole. Aldri før har så mange barn ønsket å forske på fritiden. Her lærer barn i skolealder om matte, fysikk, biologi og kjemi gjennom morsomme eksperimenter. Over 4000 barn i hele landet deltok på sommerskolen i 2014.

- Målet er å inspirere barn og unge til å få øynene opp for hvor morsomt realfag faktisk er, sier fabrikksjef Hanne S. Finstad.

Forskerfabrikken vart grunnlagt i 2002.

Ei sosial entreprenørskapsbedrift som jobbar med å auka interessa for naturvitenskap og teknologi i Norge.

Tilbyr fritidskurs for born og etterutdanningskurs for pedagogar i barnehage, SFO, og barne- og ungdomsskule.

I 2014 hadde Forskerfabrikken 15.000 born på kurs fra hele landet.

Sommarskulen vert i 2015 arrangert i alle landets fylke for born som skal opp i 5.-7. trinn til hausten.

200 lærar- og ingeniørstudentar jobbar som kursleiarar ved ein eller fleire kursveker rundt i Noreg.

Borna gjer eksperiment med ekte laboratorieutstyr innanfor geologi, kjemi, biologi, og fysikk.