Lena Stigen Mathisen og Astrid Breivik er glad for å få tak over inngangspartiet, men mindre nøgde med at baldakin-søylene kjem like utanfor dørene.
Lena Stigen Mathisen og Astrid Breivik er glad for å få tak over inngangspartiet, men mindre nøgde med at baldakin-søylene kjem like utanfor dørene.

Ikkje akkurat draumeplasseringa

Lena og Astrid i Toppen frisør synest det er topp med baldakinar og tak over inngangen, men ikkje søyleplasseringa.

– Eg må seia at eg fekk litt sjokk då eg kom på jobb i dag og såg kvar søyla skulle bli plassert, seier Lena Stigen Mathisen.

Mor og kollega Astrid Breivik stemmer i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ønskjer ikkje å vera surmaga. Det er eit kjempepositivt tiltak, men plasseringa av søylene ser ikkje ut til å vera heilt gjennomtenkt.

Burde sagt frå

Lena vedgår at ho burde sett det når arbeidarane la fundamentet for søylene her tidlegare i vinter.

– Det er klart me burde sagt noko då, men det var ikkje så godt å sjå heilt kva dei gjorde, eller nett kvar dei ville plassera søylene. Me tenkte vel berre at dei visste kva dei gjorde, humrar Lena .

Marianne Holmefjord var heller ikkje kjempehappy med plasseringa av søylene, men tek det med eit smil og satsar på at også rullestolbrukarar likevel kjem seg inn og ut av butikken.
Marianne Holmefjord var heller ikkje kjempehappy med plasseringa av søylene, men tek det med eit smil og satsar på at også rullestolbrukarar likevel kjem seg inn og ut av butikken.

– Men det gjorde dei ikkje?

– Det finst sikkert ei forklaring på kvifor dei har plassert søyle-fundamenta der dei har gjort, men frå vår ståstad verkar det noko rart, seier ho.

Vil pynta med blomar

Heller ikkje Marianne Holmefjord i Os Blomsterservice kunne seia seg topp nøgd med plasseringa, men nekta å klaga.

– Me får det kanskje litt trongt om det er nokon med rullestol som kjem her, men me skal no få det til, seier Holmefjord.

– Marianne har dessutan lova å pynta søyla med blomar, slik at det i alle høve blir ekstra fint her ved inngangspartiet, seier Lena Stigen Mathisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ein kort prat med arbeidarane tysdag føremiddag fekk ho klar forståing av at problemet ikkje var noko å gjera med.

– Dei kan visst ikkje flytta på søylefestet no, så me får berre ta det med godt humør. Pynta opp stolpen vår og gleda oss til me får tak over inngangspartiet, smiler Lena.

Systemet er slik

Prosjektsjef i Os kommune trur ikkje plasseringa ved inngangsdørene kjem til å bli noko problem.

– Det er framleis snakk om 2 meter og 5 cm ut frå fasaden. Dei vil få plass til både ein og to rullestolbrukarar inn og ut der, seier han.

– Men kan du gje ei forklaring på kvifor søylene nett her kjem rett utanfor inngangsdøra?

– Ja, det er fordi dette baldakin-anlegget blir bygd i eit system der alle delane må stå i forhold til kvarandre. Nokon plassar kjem søylene dermed utanfor dørene. Det same er tilfellet ved leikebutikken i sentrumskvartalet.

– Men dette blir ikkje noko problem for butikkane?

– Nei, det garantert ikkje. Dei får snart ei rekkje tørskodde kundar i staden. Det blir oppsving for alle når glastaka kjem på plass, seier Døsen.

Kenneth Svenningsen

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no