Markhus og Solvang vart heidra
Fusa idrettsråd sitt idrettsstipend for 2015 gjekk til skiskyttar Bjarte Solvang frå Hålandsdal idrettslag. Årets ærespris gjekk til leiar i Eikelandsfjorden idrettslag, Richard Markhus.
Stipendet og prisen vart delt ut under ei markering hjå Sparebanken Vest onsdag.
Lett å samarbeida med
Fusa idrettsråd sin ærespris går til "einskildpersonar som over tid har gjort ein særleg innsats for idretten som utøvar, idrettsleiar eller ressursperson".
Artikkelen held fram under annonsen.
I grunngjevinga frå idrettsrådet heiter det at "æresprisen for 2015 går til Richard Markhus for hans store innsats for Eikelandsfjorden idrettslag over mange år og for arbeidet i idrettsrådet. Han har vore ein viktig person for å få fleirbrukshallsaka ut av daudvatnet og han har vore ein primus motor for bygging av krøllgrasbane som sto ferdig til sommaren 2015".
Ved tildelinga av prisen la leiar i idrettsrådet Liv Nyheim Kilen vekt på at Richard er ein person som er lett å samarbeida med, både internt i idrettslaget, i idrettsrådet og med alle dei ein må samhandla med for å oppnå resultat, enten det er kommune eller næringsliv.
I tillegg til ein eigen diplom fekk Richard Markhus eit gåvekort som ein del av prisen.
10.000 kroner
Bjarte Solvang fekk tildelt idrettsstipendet på kr 10.000. Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest og Fusa idrettsråd. Prisen går til utøvarar frå Fusa som er særskild talentfulle.
I år var det ifølge Liv Nyheim Kilen gledeleg mange søkjarar til stipendet.
- Bjarte Solvang er ein svært verdig mottakar, seier Kilen.
Bjarte er 23 år. Han har gått vidaregåande i Fusa der han har kombinert TAF og satsing på skiskyting med Ann-Elen Skjelbreid som trenar. I dag studerer han ved Universitet i Bergen samstundes som han satsar på skiskyting. Han har frå han var åtte år vore medlem i Hålandsdal idrettslag og dette året går han også for det regionale satsingslaget Team Gla'laks.
Sterk sesong
Idrettsrådet trekkjer fram at Solvang har hatt jamn og god framgang over mange år.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Bjarte hadde ein sterk sesong i 2015 med kongepokal og norsk meisterskap på sprintdistansen som senior. Han vann også sølv i NM med stafettlaget frå Hordaland, opplyser idrettsrådet i ei pressemelding.
- Stipendet er ein stor inspirasjon, sa Bjarte Solvang ved utdelinga onsdag.
Liv Nyheim Kilen nytta også høvet til å rosa avdelingsbanksjef Anja Riise og Sparebanken Vest for langvarig og godt samarbeid om idrettsstipendet.