Prosjektsjef Tor Inge Døsen framfor ein del av arealet på Osøyro som vil få nytt dekke.
Prosjektsjef Tor Inge Døsen framfor ein del av arealet på Osøyro som vil få nytt dekke.

Leverandør av bygolvet er valt

Svein Boasson AS skal leggja granitt-steinplatene på Osøyro.

Eit av dei første grepa i fornyinga av Osøyro er å leggja nytt dekke ved Torget og på Øyro. Etter vel overstått anbodsprosess gjekk klagefristen ut på tysdag. Prosjektsjef Tor Inge Døsen seier at det ikkje er kome noko klage, og at dei dermed kan inngå kontrakt med vinnaren av anbodskonkurranse - Svein Boasson AS.

Store granittplater

- Me har bestilt granittstein frå Portugal. Me snakkar om ganske store gatesteinar. 1,2 meter gange 1,2 meter store vert dei største. Dess lenger uti gata du kjem dess mindre og mørkare vert steinane. Inn mot fasadane, der det er planlagt baldakiner, vil steinen vera lysare, seier Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steinane vil hella svakt på skrå inn mot midten av køyrebanen slik at overflatevatn vil renna ned i ei renne (aqua drain) som skal føra vatnet ut i elva.

Svein Boasson AS

På eigne nettsider omtalar Svein Boasson AS seg sjølv som marknadsleiande innan anleggsgartnarfaget i bergensregionen. Firmaet har 30 års erfaring, og leverer mellom anna og legg brustein, skifer og naturstein, i tillegg til bl.a. stell av parkar og anna grøntareal.