Fusa sokneråd ynskjer å ta i bruk 2011-versjonen av «Fader Vår» i Fusa-kyrkjene. (Arkivfoto)
Fusa sokneråd ynskjer å ta i bruk 2011-versjonen av «Fader Vår» i Fusa-kyrkjene. (Arkivfoto)

«Vår Far» framfor «Fader Vår»

Soknerådet i Fusa meiner tida no er moden for å gå over til å bruka den nye versjonen (frå 2011) av «Fader Vår» under gudstenestene i Fusa. Det vil då heita «Vår Far».

Saka skal opp til behandling i Fusa sokneråd 13. oktober. Soknerådet har handsama saka tidlegare også, men vedtok då å nytta den gamle versjonen frå 1985 inntil vidare.

Saka har vore drøfta administrativt, og dei fleste har vore positive til å gå over til den nye versjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sakspapira til soknerådsmøtet er det sett opp fleire argument for å nytta 2011-versjonen: 1. Den nye versjonen av «Vår Far» følgjer bibelteksten. 2. Barn og unge som les i Bibelen (m.a. konfirmantar) les og lærer den nye versjonen. 3. Ved radioandaktar og radiogudstenester vert nesten alltid den nye versjonen nytta.

2011-utgåva:

Vår Far i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød,

og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

Og lat oss ikkje koma i freisting,

Artikkelen held fram under annonsen.

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt og makta og æra i all æve.

Amen.

1985-utgåva:

Fader vår, du som er i himmelen.

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.

Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra i all æve.