Eldstegjengen i friidrettsgruppa til Os Turn på trening på Kuventræ måndag kveld.
Eldstegjengen i friidrettsgruppa til Os Turn på trening på Kuventræ måndag kveld.

Superklar for opningsstemne på Kuventræ

Vel 30 lokale friidrettsutøvarar er klare for opningsstemnet på Kuventræ laurdag. Også lokalpolitikarane skal få testa tartandekket.

Endeleg er det altså klart for den offisielle opninga av det nye sentralidrettsanlegget på Kuventræ. I samband med opninga, arrangerer friidrettsgruppa til Os Turn opningsstemne for utøvarar frå åtte år og opp til og med senior.

Utøvarane i friidrettsgruppa har hatt glede av å trena på det nye anlegget i eit par månader. Gjengen er supernøgde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har fått eit fantastisk anlegg, og på toppen av det heile har Os kommune spandert heilt nytt utstyr på gruppa. Det er ikkje rart det stadig kjem nye på trening. Me har utruleg flotte fasilitetar, skryter leiar i friidrettsgruppa Sverre Mowinckel-Nilsen.

Han takkar både kommunen og prosjektleiar Tor Inge Døsen.

- Tor Inge har stått på for å gjera dette så bra som over hovud mogleg. Me er svært takksame, seier Mowinckel-Nilsen.

Sverre Mowinckel-Nilsen, Svein Hausberg og Bjørn Michelsen.
Sverre Mowinckel-Nilsen, Svein Hausberg og Bjørn Michelsen.

Fellesstart

I samband med den offisielle opninga laurdag er det invitert til politikar-stafett. Heile ni partier har meldt sin ankomst, og er klare for å delta på 4 x 100 m stafett.

- Me har berre seks banar, men for underhaldninga og av praktiske grunnar køyrer me fellesstart på heile gjengen, fortel friidrettsleiaren.

Ei stund vurderte friidrettsgruppa å hiva med jenter 14/15-laget som harer, men ved nærare ettertanke vart dei samde om at politikarane truleg ville ha nok med å kappa seg i mellom.

- Med ni lag på seks banar, vert det truleg trongt og kaotisk nok, seier Mowinckel-Nilsen.

Erfaren pensjonist

For friidrettsfolket vert det to fulle dagar med tevlingar. Til no er over 130 utøvarar påmelde, og framleis renn påmeldingane inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var tidleg ute med å senda ut invitasjon til alle idrettslaga i Bergens-området. I tillegg får me vitjande frå Stord og Haugesund, fortel Mowinckel-Nilsen.

På konkurranse-programmet står 60 m, lengde, kast av liten ball, høgde, kule, spyd, 100 m, 200 m, 800 m hekk og 1.000 og 3.000 m kappgang.

Totalt vert det kring 350 startar.

- Som arrangørar er me litt spente. Me har ikkje all verda med erfaring på dette området, men me har kring 40 funksjonærar og ein erfaren mann som Jan Borgen i gruppa, så det skal nok gå bra, seier han.

Nemnde Borgen vert viktigare og viktigare med åra.

- Utan Jan hadde Os Friidrett lege brakk. Han har halde liv i miljøet og er ein stor kapasitet. Til glede for oss er han no også bli pensjonist. Dermed har han endå meir tid til å bruka på friidretts-talenta i bygda, humrar Mowinckel-Nilsen.