I mange tilfelle handlar det om at den unge rømmer frå trøblete ting i den verkelege verda. Han søkjer på ein måte tilflukt i spelverda, ifølgje kommunepsykolog Sanne Bach Skorpen. (Illustrasjonsfoto)
I mange tilfelle handlar det om at den unge rømmer frå trøblete ting i den verkelege verda. Han søkjer på ein måte tilflukt i spelverda, ifølgje kommunepsykolog Sanne Bach Skorpen. (Illustrasjonsfoto)

Tek tak i aukande problem med dataspel i Os

Dataspel kan vera både underhaldande og lærerikt. Men for stadig fleire er dataspel i ferd med å bli eit problem og ei kjelde til ufred i familien. No inviterer Os kommune foreldre og andre til informasjonsmøte.

- Dataspel er ei kjelde til ufred i mange familiar. Med dette informasjonsmøtet ønskjer vi å spreia litt kunnskap til foreldre kring dette med speling, grensesetjing og faresignal, seier kommunepsykolog Sanne Bach Skorpen til kommunen sine heimesider.

Skorpen seier det er lett å få inntrykk av at dataspel nærmast er rota til alt vondt, men ho påpeikar at dataspel kan vera både lærerikt og underhaldande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mange spelar mykje utan at det utviklar seg til eit problem. Problematisk dataspeling handlar gjerne meir om årsaken til at nokon spelar mykje, enn berre det at vedkomande brukar mykje tid på å spela, seier kommunepsykologen.

Ho inviterer no, i lag med kommunepsykolog for born og unge Sunniva Barman Teige og ruskonsulent Jan Rune Bakke, til informasjonsmøte om dei gode og dårlege sidene ved dataspel. Desse utgjer ressursgruppa Tidleg innsats i kommunen. Psykologen Rune Mentzoni, som forskar på dataspel og avhengigheit ved Universitetet i Bergen, vert også med.

For dei aller fleste er spelinga underhaldande, lærerik og utviklande. For nokre få er det eit alvorleg problem. I følgje Medietilsynet er problemspelaren ein som utviklar eit tvangsmessig forhold til spelinga, kor spelinga blir til hinder for skule, familie, karriere og det sosiale livet, heiter det på heimesida til kommunen. 

 -Vi i ressursgruppa Tidleg innsats vil dela kunnskap, tips og råd med foreldre som ønskjer å forstå kva barnet deira held på med, og som lurer på om dei har grunn til å vere bekymra eller ikkje, seier Sanne.

 

- Flukt frå den verkelege verda

I følgje Bach Skorpen er talet på saker i samband med problematisk dataspel aukande i Os.

- I mange tilfelle handlar det om at den unge rømmer frå trøblete ting i den verkelege verda. Han søkjer på ein måte tilflukt i spelverda, kor det sosiale presset i dagleglivet er fråverande. Då kan det bli endå vanskelegare å takla det verkelege livet. Samstundes er foreldra gjerne fortvilte og rådville fordi dei rett og slett ikkje forstår kva barnet deira held på med, fortel kommunepsykologen, og legg til at ein veit at dataspel er ei kjelde til krangling i mange familiar.

Med informasjonsmøtet ønskjer kommune "å spreia litt kunnskap til foreldre som har spørsmål kring dette med speling, grensesetjing og faresignal".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Denne kvelden er for alle som er interesserte i kva borna held på med når dei spelar, ikkje berre dei som er bekymra for om spelinga kan vere eit problem, uttalar Sanne Bach Skorpen på heimesida til kommunen.

Informasjonsmøtet blir halde i Symrasalen på Nore Neset aktivitetshus, torsdag 28. januar.