Kvåle om Trump som president: - Eg ville følt meg tryggare med Hillary
Fusa-ordførar Atle Kvåle er usikker på kva uttrykk som er passande etter sjokksigeren til Donald Trump i det amerikanske presidentvalet.
Det blei i morgontimane i dag klart at Donald Trump blir USAs neste president.
- Det blei det same som med Brexit (då innbyggjarane i England stemte for å trekkja seg ut av EU, journ.mrk.). Det såg greitt ut då eg la meg, men ikkje då eg stod opp att, seier Fusa-ordførar Atle Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvåle sat oppe til klokka eitt i natt, og stod tidleg opp for å følgja med på presidentvalet i USA.
- Eg har nok følgd litt meir med enn gjennomsnittet, som det politiske dyret eg er, seier Kvåle.
Håpa på kvinneleg president
Ordføraren hadde håpa på ein demokrat, og ein kvinneleg president.
- Av desse kandidatane heia eg på Hillary Clinton. Eg veit ikkje kva omgrep eg skal ta i bruk om det som har skjedd. Eg ville følt meg tryggare med Hillary. Framtida er meir usikker med Trump, seier Kvåle og utdjupar kvifor Hillary hadde vore eit tryggare val:
- Hillary har solid kunnskap om utanrikspolitikk mellom anna. Det er viktig med verdspolitikken vi er i no, og heile tida er i.
Forsiktig med å døma
Reaksjonane er mange, og fleire uttrykkjer bekymring over at Donald Trump skal styra stormakta USA, og kvifor så mange har stemt slik dei har gjort.
Fusa-ordføraren meiner at vi i Noreg skal vera varsame med å prøva ta amerikanarane i skule om korleis dei skal røysta, fordi det er vanskeleg for oss å setja seg inn i kvardagen til amerikanarane.
- I vår velferdsstat er det små ulikskapar mellom folk. I eit så stort land som USA, er det enorme motsetnader. Ein kan få eit bilete av prosessen i ei avis, og eit anna bilete i eit anna medium. Det å prøva å forstå den gjennomsnittlege amerikanske veljar kan vera vanskeleg, for me har ikkje føresetnader for å setja oss inn i deira situasjon, seier Kvåle.