Berre ei veke att no
Neste veke vert den siste med omkøyring via Osøyro. Men fartsdumpane på E39 er komne for å bli.
I mai vart nordgåande løp av E39 over Mobergsbrua stengt som følgje av arbeid i samband med nye motorvegen. Frå Statens Vegvesen vert det no meldt at den varsla datoen for omkøyring vil halda - i alle fall nesten.
- Me sa at vegen ville bli opna 4. september, men det blir 5. september. Måndags morgon (frå klokka 6) skal vegen ha to felt att, seier prosjektleiar Kari Bremnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fartsdumpane blir verande
Fordi tungtrafikken heldt vel høg fart forbi dei som jobba med vegarbeidet, vart det i sommar laga fartsdumpar. Desse ser ikkje ut til å forsvinna med det første.
- Nei, for det første skal fartsgrensa inntil vidare forbli 50 km/t i området. Fartsdumpane hadde god effekt, og blir truleg utvida til å gjelda også sørgåande felt. Det skal jo pågå arbeid i området også vidare, seier Bremnes.
350 meter tunell
Drivinga av Skogafjellstunellen går sakte, men sikkert framover.
- No er me 350 meter inne i fjellet per løp - altså 700 meter tunell til saman. Tunellen skal bli på 1,4 km lang, så no er ca. ein fjerdedel unnagjort. Me har så smått også starta å driva same tunellen frå Endelausmark-sida, seier ho.
Årsaken til at dei ikkje har kunna starta frå denne sida før no er at dei måtte senka Kvernatjørn først og laga fylling.
- Neste milepæl kjem i desember, når me reknar med å ha gjennomslag i tunellen, konkluderer Bremnes.