Inviterer til verdas viktigaste søndagstur
Årets TV-aksjon går til inntekt for Regnskogfondet. - Me manglar bøsseberarar, og vonar at folk melder seg, seier Tove Hille frå Os Frivilligsentral.
Tove Hille og Svein Olsen i Os frivilligsentral var travelt opptekne med å ringa rundt til folk for å prøva å rekruttera bøsseberarar til innsamlingsaksjonen søndag 18. oktober, då me stakk innom fredag.
- Ja, her sit me, som du ser, seier Hille.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framfor dei låg det kart over kommunen, telefonar, informasjonsbrosjyrer osv. Men dei hadde visst nok kontroll på det som såg kaotisk ut.
- Ja, me har kontroll. Det ser berre ikkje slik ut, seier Hille.
Meldar avbod
Dei ligg ikkje på latsida, og er i full sving med å rekruttera bøsseberarar slik at dei har 180 frivillige når startskotet går søndag.
- I fjor, då Haddy N´jie vitja Os, hadde me 30 bøsseberarar på venteliste. I år manglar me om lag 90, men talet endrar seg frå dag til dag, seier Hille.
Det er faktisk ikkje berre slik at talet aukar. Nokre melder også avbod.
- Det er mykje som kan skje i livet, og me har full forståing for at folk finn ut at dei ikkje hadde tid likevel, seier Hille og held fram:
- Me har stor tru på at me skal klara å rekruttera nok folk, smiler ho.
Forhandlar om vegar
Dei frivillige kjem med ønske om område eller vegar når dei melder seg som bøsseberarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det hender at det oppstår forhandlingar, smiler Olsen, og held fram:
- Då må me seia at dei vegane har me dekning på, men me kan tilby nokre vegar i nærleiken.
- Det løyser seg som regel. Det er faktisk mange som synest det er kjekt å gå saman med ukjende folk, og å gjera seg kjend med nye stader i kommunen, skyt Hille inn.
Det er ikkje første gong verken Hille eller Olsen er med på innsamlingsaksjonar.
- Eg har ganske god kjennskap til geografien i kommunen. Eg synest berre det er artig med frivillig arbeid, seier Olsen, medan han sit og markerer på utskrivne kartsider av vegar i kommunen.
Skryter av ungdomen
Tove Hille er også glad for å ha ungdomen med på laget.
- Me har flinke ungdomar som hjelper til med kafé i kyrkjetunet og som bøsseberarar. Andre har delt ut flyers om innsamlingsaksjonen på førehand, seier Hille.
Om årets innsamlingsaksjon - "Vi skal vokte regnskogen":
Artikkelen held fram under annonsen.
Regnskogen er avgjerande for klodens klima, for vår felles framtid og for 260 millionar menneske som har regnskogen som sin heim. Utan di hjelp kan det vera for seint å redda det som er att.
TV-aksjonen 2015 går til inntekt til Regnskogfondet sitt arbeid med å verna regnskogen i fem land.