Tek opp att suksessen
Over 100 små og store dukka opp då Oseana inviterte til lesestund i vår. Laurdag startar suksess-tiltaket opp att.
Ideen med lesestund og høgtlesing med faste opplesarar er henta frå Litteraturhuset i Bergen.
Anslagsvis fire laurdagar i månaden fram til jul blir det laurdagskafé for heile familien med lesestund i Kobbavågen. Det blir også servering av graut og saft, litt musikk og moglegheit til å teikna og leika.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette skal vera eit uformelt opplegg med romsleg stemning der det skal vera fullt mogelg å gå litt til og frå, og la borna leika og teikna i tillegg til å høyra på opplesinga, seier initiativtakar og kurator Marianne Gathe ved Oseana.
Tanken er at dette skal vera ein kafé på borna sine premissar.
Opplesar på haustens fyrste lesestund vert Mari Lyssand.