Plateslepp for Neoplasma i januar
Neoplasma slepp si første plate på seks år i januar. Albumet Watch the fire er det tredje i rekka for Os-bandet, om ein reknar med EP-plata som blei sleppt i 2008.
Metal-bandet Neoplasma blei starta i 2008 då fem ungdomar gjekk saman for å delta i Ungdommens kulturmønstring (UKM). Det same året gav dei ut EP-plata Die With a Smile. Dei neste åra jobba dei med sitt første album mellom spelejobbar og øving. I 2011 kom Tumor Of Hate ut. Det same året opptrådde bandet på Rock N Lol, noko dei skildrar som ein av dei største konserthøgdepunkta dei har hatt. I 2013 starta pre-produksjonen av albumet som kjem ut i januar neste år.
- Med unntak av ein oppvarmingsjobb for Purified in Blood i 2014, valte vi å trekkja oss tilbake for å fokusera på innspeling av nytt materiale, seier vokalist Patrick Gaassand og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er lagt stor vekt på lydkvalitet for å finna vår eigen sound. Vi har ikkje sagt oss ferdige før resultatet blei perfekt i våre øyrer. Musikken på Watch The Fire er tung, progressiv og melodisk med aggressiv growling og seige breakdowns.
Albumet vert utgitt digitalt 13. januar 2017.