Stilfull opning av tidenes songarstemne
Med storslått prosesjon, talar, korps og korsong gjekk startskotet for songarstemnet "Leve sangen" i dag. Sjå stor biletserie.
Prosesjon med flaggborg, bore av bunadskledde damer, ordførar, og stemnegeneral i spissen, var startskotet for denne helgas songarstemne ved Bjørnefjorden, i regi av Os Mannskor.
Omlag 600 songarar fordelt på 24 kor frå fjern og nær hadde funne vegen til den store hendinga. Og det var berre blide fjes å sjå då heile gjengen toga frå Oseana og gjennom Os sentrum, der det i føremiddag var offisiell opning på torget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Undervegs fekk publikum glede av både livleg korsong og musikk frå dei to korpsa Os Musikkforening og Søre Neset Musikslag.
Vel framme på torget var det arrangør Os Mannskor som opna med songen "Leve Sangen".
Stemnegeneralen, Jan Terje Skutlaberg, kunne i si velkomsttale fortelja at han meiner Os kan takka kormiljøet for sin gode folkevekst. Eit poeng som skapte latter hos publikum og som ordføraren tok opp og gjorde eit poeng av i sin tale etterpå. Også leiar i Noregs Korforbund, Liv Oda Dale helsa den songglade gjengen.
Markeringa vart avslutta som seg hør og bør - med song.
Først fellessong for blandakor, deretter fellessong for mannskor og til slutt Os songen av alle som var tilstades, akkompagnert av dei to korpsa. Etter den storslåtte opninga var det tid for litt kvile og ein matbit. og dei fleste deltakarane fann vegen til diverse kafear i Os sentrum.
På Kafe Engeline møtte Os og Fusaposten fire songarar frå Follesø Mannskor som koste seg med kaffi. Fleire av dei hadde vore med for to år sidan , då Os Mannskor arrangerte for første gong, og dei gav alt arrangøren bra med skryt for eit godt arrangement.
«Os og Fusaposten» kjem tilbake med ein fyldig videorapport frå stemnet. Følg med på Os & Fusa-TV neste veke!