- Her håpar vi på 250-300 menneske, minst, seier leiar i Søfteland T&IL, Ole Johan Berge.
- Her håpar vi på 250-300 menneske, minst, seier leiar i Søfteland T&IL, Ole Johan Berge.

Vil grusa 50 år gamal rekord

Søfteland T&IL inviterer til familiefestdag når A-laget tek i mot Fitjar 3. juni. – Vi skal grusa publikumsrekorden, seier leiar Ole Johan Berge.

Ein må truleg heilt tilbake til 1960 ein gong for å finna publikumsrekorden på Stilvoll. Det var det vi kan kalla for ein av Søftelands to siste stordomsperiodar, fortel Berge.

– Etter å ha snakka med nokre av dei som var med i idrettslaget tidlegare, har vi kome fram til ein uoffisiell publikumsrekord på om lag eit par hundre. Du veit, vi har ikkje selt billetter, så det er ikkje heilt enkelt å spora den førre rekorden. No skal vi i alle fall sette ein offisiell rekord, seier Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk stall

Etter ein sterk sesonginnleiing, har Berge trua på eit nytt opprykk. Det vil i så fall gjera at Søfteland rykkar opp til 4. divisjon. Det er like høgt i systemet som dei var på 1960-talet og i ein periode på slutten av 70-tallet.

I skrivande stund toppar dei avdelinga si i 5. divisjon, med sju poeng etter tre kampar. Laget har dei siste åra trekt til seg lokale spelarar frå eit høgare nivå, og stallen er både brei, erfaren og slagkraftig.

– Det er eit par grunnar til at vi har trekt til oss spelarar frå eit høgare nivå. Den naturlege årsaka er at dei ønskjer å trappa ned litt, og ikkje satsa i den grad andre klubbar i distriktet gjer. I tillegg har vi ein fantastisk trenar (Raymond Pedersen journ.mrk.). Eg tilsette han for fire år sidan. Han er stabil, dyktig på rekruttering og å trena laget. Det er også eit godt miljø innad i laget, og vi som sit i styret har klare retningsliner for kva klubben skal vera, seier Berge.

Det er fire år sidan Berge tilsette Raymond Pedersen som A-lagstrenar. Berge er svært nøgd med jobben Pedersen har gjort sidan han kom til klubben.
Det er fire år sidan Berge tilsette Raymond Pedersen som A-lagstrenar. Berge er svært nøgd med jobben Pedersen har gjort sidan han kom til klubben.

Avhengige av god rekruttering

Utfordringa er om A-laget skulle halda fram med å klatra i divisjonssystemet.

– Vi har god rekruttering, men den store utfordringa er ungdomsutviklinga. Det skjer noko når ungdomen vår blir 12-13-14 år gamal. Det er mange måtar å løysa det på, men det handlar om godt samarbeid innad i kommunen. Her har vi god dialog med både Os og dei andre klubbane i distriktet, seier Berge og held fram:

– Søfteland har klart å skapa seg eit namn, vil eg seia. Det er seriøst her, samstundes som det er lov å vera litt bohem. Det går no, men på eit tidspunkt, om vi rykkjer vidare opp, så går det ikkje lenger. Når folk gir seg av grunna alder, eller fordi det er blitt for seriøst, så er vi avhengige av å ha god, kontinerlig rekruttering. Vi er med andre ord avhengige av å ha ein svolten “base” under A-laget, seier Berge.

Champions League-preg

Det er nettopp slike ting ein har i bakhovudet når ein arrangerer familiefotballdag på Søfteland. Berge fortel om store planar for første laurdagen i juni.

– Det skal vera litt Champions League-preg over dagen. Det blir opplesing av lagoppstillingar og hymner, og ein del informasjon over høgtalarane. Vi hadde noko tilsvarande for eit par år sidan, men det var meir ein temadag med fokus på ungdomsarbeid, rekruttering og antidoping. Det trekkjer vi ikkje inn denne gongen. Blir det ein suksess, så vil vi gjenta bedrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til Champions League-preg, vil det vera aktiviteter for barn, som hoppeslott og konkurransar.

Lovar utsøkte burgarar

– Du går høgt ut på Facebook og lovar dei mest utsøkte hamburgarane nokosinne?

– Eg har drista meg til å skriva det, og det var vel i utgangspunktet meint som ein spøk. Vi har fått nye gassgrillar, og dei skal testast ut. Vi har dedikerte folk som jobbar med kiosk-biten, der ein kan få god mat og ikkje berre e-stoff.

Det er ikkje berre dei med ansvaret for kiosken som er dedikerte. Spelarane på A-laget er også flinke til å bidra når dei ikkje er opptekne med kamp og trening.

– Det er ein flott gjeng. Dei deltek på fotballskulen som klubben arrangerer, og er nokre gonger med på treningane til dei yngre spelarane og så vidare. Dette er med på å forsterka samhaldet og rekrutteringa.