Budsjett 2016: Opposisjonen vil bevara Fjellheim
Opposisjonen meiner dei mest prekære manglane ved Fjellheim må utbetrast, og set av 500.000 til bygget i sitt budsjettframlegg for 2016.
Partia Senterpartiet, Tverrpolitisk samlingsliste, Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet har lagt fram eit felles forslag til budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 for Os kommune.
- Som ein viktig del av Os si lokale kulturarv meiner me at det framleis er behov for det gamle kulturhuset Fjellheim. Ved å gjennomføra ei oppgradering av dei mest avgjerande trekka kan det bidra til at det framleis vert liv og aktivitet i dette bygget som har betydd så mykje for Os sin identitet. Dersom folkeveksten i Os går mot dei mest liberale prognosane, blir det i framtida berre endå viktigare å ha nok kapasitet til å husa og stimulera til ulike kulturaktivitetar, skriv partia i sitt budsjettframlegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei meiner det må opprettast ei stifting som kan driva Fjellheim utan faste overføringar frå kommunebudsjettet.
Styrka skule og kultur
Dei politiske prioriteringane i budsjettforslaget tek utgangspunkt i rådmannen sine forslag.
- Det er ei berekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling samarbeidspartia ser føre seg for Os med dette framlegget. Ein klart grønare profil og styrka skule- og kultursatsing tek klima- og miljøutfordringane på alvor og fastslår behovet for ein styrka skule for å rusta neste generasjon for framtida, skriv opposisjonen i innleiinga til budsjettframlegget.
Endringar
Sp, TvS, MDG og Ap føreslår desse endringane i driftsbudsjettet i høve rådmannens budsjett:
Marknadsstilling Oseana: -600.000 kr
Auka skatteinngang: -2.000.000 kr
Vedlikehaldsfond Oseana:
-300.000 kr
Artikkelen held fram under annonsen.
Fond til utskifting datautstyr:
-3.000.000 kr
Formannskapets disposisjonsfond: -800.000 kr
Avsetting selskapsskatt: -1.000.000 kr
Ombygging prestegarden: -1.200.000 kr
Innsparing betre innkjøpsrutinar: -1.300.000 kr
Utbytte Os Bygg og Eigedom: -2.000.000 kr
Skulepsykolog: +400.000 kr
Artikkelen held fram under annonsen.
Aktivitør Lurane: +450.000 kr
Fysioterapistilling: +700.000 kr
Vedlikehald turvegar m.m.:
+100.000 kr
Fjellheim: +500.000 kr
Auka ramme for oppvekst:
+5.550.000 kr
Auke kulturbudsjettet: +300.000 kr
Artikkelen held fram under annonsen.
Stønad Kyrkjetunet:+3.000.000 kr
Auke til 100% diakonstilling: +300.000 kr
Oppgradering Os kyrkje:
+200.000 kr
Diff rådmannens framlegg:-700 000 kr
Ekstra fondssparing til Lurane: 700.000 kr
Partia meiner rådmannen har lagt til grunn KS sine mest forsiktige anslag for skatteinngang, og legg til grunn ei nøktern auke.
Opposisjonen meiner vidare at betre innkjøpsrutinar og profesjonalisering av offentlege anskaffingar har eit stort potensiale, og legg til grunn betre kvalitet i kommunale innkjøp og lågare driftskostnader, noko ein har sett i nabokommunar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når det gjeld skulepsykolog, vil kommunen få støtte frå staten det fyrste året.
Om Fjellheim påpeikar dei at bevaring av bygget også krev ei
endring av reguleringsplanen i området.
Meistringsteam
Den auka ramma til oppvekst skal nyttast for å betre tenestekvaliteten. Samarbeidspartia ser for seg at midlane skal brukast til mellom anna meistringsteam, lærartettleik, konkretiseringsmateriell (særlig til matematikk og naturfag), prosjekt "Betre læringsresultat", "Dei utrulege åra" og anna.
- Det er viktig at fagmiljøa sjølve skal vera medverkande til bruken i den enkelte eininga. Årlege kostnader til utdanningsmessa er inkludert i denne posten, heiter det i budsjettframlegget.
Summen sett av til Os kyrkje er meint å gå til ENØK-tiltak.
Samarbeidspartia legg opp til litt større overskot enn rådmannen og aukar avsetting til
fond for seinare bruk til Lurane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil droppa bølgjebrytarar
I forslaget til investeringsbudsjett for 2016 vil opposisjonen gjera følgjande:
Droppa bølgjebrytarar: -7.000.000 kr
Droppa bubilparkering: -1.900.000 kr
Forskyva fleirbrukshall Kuventræ: 20.000.000 og 25.000.000 kr i høvesvis 2016 og 2017 i stadenfor i 2017 og 2018.
Forskyva Os U Aktiv: -2.000.000 kr
Forskyva Os U Aktiv: 1.000.000 kr
Eigedomssal delar av Askviknes:
-10.000.000 kr
Kultureininga mobil scene:
350.000 kr
Ikkje selja barnehagetomt:
12.000.000 kr
Diff.rådmannens framlegg:
12.450.000 kr
Opposisjonen meiner planane for Os ungdomsskule (Os U Aktiv) må skyvast eitt år fram i tid av di kommunestyret må endra reguleringsplanen og laga ein ny prosjektplan slik at behovet til Os Ungdomsskule vert dekka både no og med vidare elevvekst.
Partia ønskjer vidare å byggja fleirbrukshall på Kuventræ i 2016 for å møta veksten, og fordi Os U Aktiv vert forseinka.
Samarbeidspartia ønskjer også å framskunda realisering av sal for delar av Askviknes.