LINK Arkitektur)
LINK Arkitektur)

- Lunde barneskule er ekstremt full

Det går 130 fleire elevar på skulen enn det han er dimensjonert for. No vert det bygging av nye klasserom.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

På budsjettkonferansen denne veka starta Line Rye med å fortelja at dei fleste skulane i Os no er i god stand, etter eit omfattande rehabiliteringsarbeid dei siste åra.

- Det har vore ein fantastisk start for ein fersk kommunalsjef å få vera med på så mange nyopningar på fleire rehabiliterte skular og ein ny skule, sa Rye.

Men det finst eit tydeleg unntak. Lunde barneskule.

LINK Arkitektur)
LINK Arkitektur)

- Den skulen er ekstremt full. Han er dimensjonert for 165 elevar, og har no 295, sa Rye.

Går i gang i 2016

I budsjettet blir det lagt opp til at utbygginga må gå i gang til neste år, med sikte på ferdigstilling til hausten 2017.

På grunn av at Halhjem barneskule med sine 73 elevar til ein viss grad avlastar Lunde barneskule på småskuletrinnet (1.-4. klasse), vil den nye Lunde barneskule berre ha behov for to parallellar på 1.-4. trinn. Frå 5.-7. trinn vil det derimot bli tre parallellar etter ferdig utbygging.

20 mill. meir for reservebygg

Etter modell av utbygginga på Lysekloster, legg prosjektavdelinga opp til først å byggja ein ferdig utbygd klasseromsfløy på 1.700 kvm, med ein prosjektkostnad på 56,8 mill. kroner (inkl. moms). Dette vil ifølgje prosjektsjef Tor Inge Døsen ta seg av primærbehovet, og inkluderer ni nye klasserom, elevkantine og lærarrom. Men når ein først er i gang med å utvida, kan det vera lurt å leggja opp til litt reservekapasitet også. Det blir difor føreslått å oppretta nye 1.300 kvm, som ikkje vert innreidd. Det vil gje 15 nye klasserom, samt diverse påkravde spesialrom.

- Det vil krevja 20 mill. kroner ekstra, men då bygg me i forhold til veksten, i staden for å vera på bakfoten heile tida, sa Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å innreia den delen som ikkje skal takast i bruk umiddelbart, vil kosta 18,9 mill. kroner.

Flytting av idrettsanlegg

I tillegg vil ein måtta rehabilitera den eksisterande bygningsmassen. Unntaket er paviljongen som i dag står på oppsida av skulen.

- Paviljongen er ikkje i så verst stand reint bygningsteknisk, og skulen kan sjølv få vurdera kva bruksområde den kan få i framtida, sa Døsen.

Sandvolleyballbanen som delvis er bygt på dugnad, må flyttast dersom planane Døsen skisserte vert realiserte. Ballbingen må også flyttast, til der paviljongen nærast Torkjelsvegen står idag. Løene som kommunen har kjøpt, vert rivne for å laga ny parkeringsplass.

Kostar nok ikkje meir å venta

Nils-Anders Nøttseter (MDG) sa at det var synd at kommunen har endå eit prosjekt som hastar. Han lurte vidare på om det vil kosta meir å oppretta den uinnreidde klasseromsfløyen på eit seinare tidspunkt.

- Ikkje mykje. Inntil 5 prosent meir, eller 2-3 mill. kroner, svara Døsen.

- Samtidig vil du ha ein kapitalkostnad på det tomme råbygget dei åra det ikkje skal vera i bruk. Så det kan vera at dei kostnadene opphevar kvarandre i det økonomiske reknestykket. Men det er meir snakk om å spara skulemiljøet frå å vera byggjeplass lenger enn naudsynt, sa Søviknes.