Helene Gjernes Riise, Vegard Fosså, Marte Ekeberg Klippen, Camilla Bergesen, Torbjørn Fosså, Amalie Eikeland Holmefjord og Sindre Rolland.
Helene Gjernes Riise, Vegard Fosså, Marte Ekeberg Klippen, Camilla Bergesen, Torbjørn Fosså, Amalie Eikeland Holmefjord og Sindre Rolland.

No brakar det laus i Breidablikk

Ti musikkinnslag, fire utstillingar og fleire dansenummer står på programmet under UKM i Fusa på søndag.

Ungdomshuset på Breidablikk i Sævareid er staden å vitja om ein vil sjå ungdomelege talent denne helga. Ungdommens kulturmønstring (UKM) startar tidleg ettermiddag på søndag.

Variert kulturinnslag

Det er første gong i historia at UKM-deltakarane frå Os og Fusa møtest på felles arrangement på fusasida. Arrangørane har stått veldig på for å vera så godt førebudde som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ungdomar som gjer det meste av jobben. Dei jobbar på spreng for å få alt klart til søndag. Eg trur det blir bra, seier leiar for kultureininga i Fusa kommune, Erik Vangsnes.

Han trur publikum kan gle seg.

- Det vert eit spennande og variert program. Me har ti flotte musikkinnslag, fire utstillingar og ein del dansenummer. Det er mange talent som får vist seg fram, seier Vangsnes.

Gjengangar tilbake

I kategorien for musikk vert er det fleire musikkstilar som vert representerte. Alt frå rockebandet «Kleppekompaniet», svingjazz-gruppa «Swingmasters» til den 12 år gamle pianisten Anne Mari Sundfjord Gjøn som spelar klassisk.

På kunstsida stiller Annika Svendal Os også i år. Ho er nærast for veteran og rekna i UKM-samanheng. I fjor kom ho heilt til landsmønstringa med bilete sitt av Aurora Aksnes.

Bo Mathys frå Strandvik var til landsmønstringa i forfjor. Også han er klar med eit nytt bilete i år.

I dansekategorien vert det fleire deltakarar. Blant desse hip-hop-gruppa «Tag the Floors» frå Os, disco-dansar Martine Blomberg frå Søfteland og Natasja Smørholm og hennar dansegjeng i «The Heads» frå Fusa.

Film

Nytt av året er ein deltakar i klassen for film. Gjengen i «Bad Pork Production» frå Fusa stiller med ein film klassifisert som komedie, eller "ufrivillig komedie", som dei sjølv kallar det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som seg hør og bør under våre to kommunars felles arrangement vert det konferansierar frå både Os og Fusa. Sebastian Alexander (19) representerer Os, medan Amalie Eikeland Holmefjord (18) representerer Fusa.