Elekstrisk feil skal vera årsaka til at MF Fosen har vore innstilt fleire timar andre pinsedag.
Elekstrisk feil skal vera årsaka til at MF Fosen har vore innstilt fleire timar andre pinsedag.

Elektrikar på veg med ferje til ferja

Elektrikar er på veg med ferja frå Sandvikvåg, for å prøva å retta feilen på MF Fosen.

Elektrisk feil er i følgje administrerande direktør i NamsosFosen Sjø, Grete Fuglem Tennås, årsaka til at MF Fosen har vore ute av drift sidan 13-tida i dag. 

Ho håper no at det ikkje tek for lang tid før ferja er i drift igjen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi venter på å få ein serviceelekrtikar opp frå Rubbestadneset. Eg har ikkje fått noko tidspunkt for når vedkommande kan vera på plass. Det går ikkje så fort å få tak i fagfolk som vi skulle ønskje no på andre pinsedag, seier Fuglem Tennås, når Os &Fusaposten får tak i henne på telefon i 18-tida, etter å ha prøvd å få kontaktfleire gonger i løpet av dagen. 

Like etter at Os & Fusaposten har lagt på ringer ho opp igjen med fersk informasjon.

– Eg har fått melding om at elektrikaren no er på veg med ferja frå Sandvikvåg til Halhjem, fortel ho. 

Det er ikkje ønskeleg å flytta MF Fosen som ligg til kai på Hatvik, før den elektrsike feilen er retta. Derfor vil ikkje ekstraferje førebels bli sett inn på sambandet Hatvik-Venjaneset.
Det er ikkje ønskeleg å flytta MF Fosen som ligg til kai på Hatvik, før den elektrsike feilen er retta. Derfor vil ikkje ekstraferje førebels bli sett inn på sambandet Hatvik-Venjaneset.

Midt på dagen trudde ferjepersonellet at problemet var løyst. Melding vart sendt ut om at driftstansen var over, og ruta skulle takast opp at klokka 15.50. Så kom kontrabeskjeden om at dei likevel ikkje kunne gå som planlagt.

– Den var igong , men så gjekk den like fort ut igjen, dei trudde dei hadde ei løysing, men no må ekektrikar sjå på problemet, seier Fuglem Tennås.

Ho forklarer at inntil no  har det ikkje vore aktuelt med ekstra ferje.

– Ferja ligg til kai og vi kan ikkje flytta ho. Vi tek ingen risiko. Dei meiner å ha identifisert feilen ombord, så no håper eg det ikkje skal ta for lang tid før ho er i drift igjen.

– Elektrikaren er på veg og blir henta på Halhjem når han kjem dit, opplyser ho. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan ikkje setja inn anna ferje slik det er no, vi kan ikkje flytta ferja, tek ina risiko. 

Kor raskt sambandet kjem i drift kan ho ikkje sei noko om. 

– Eg har forståing for at det blir frustrasjon når det blir innstillingar. Det har vore ulike krevjande situasjonar siste tida. Vi jobbar for å få ei løysing så raskt som mogleg, men vi er avhengig av fagpersonell, som ikkj evar så lett å få tak i på andre pinsedag, avsluttar ho.