Folk i Kina går på kino
Kor mange folk bur det i Kina, og kva gjer dei på? Marthe (5) og Magnus (5) i Jettegryto barnehage filosoferer over mangt og mykje.
Før me rekk å stilla noko spørsmål, er intervjuet i gang.
- Veit du kor eg var i går, spør Marthe.
Artikkelen held fram under annonsen.
- På fjelltoppen, heilt på toppen. Eg var så høgt at eg ikkje kunne stoppa ein gong.
Magnus har ting å fortelja han også.
- Eg har sett på youtuben i dag, eit fly med tre etasjar og fire motorar på kvar side. Eg har flydd til Tyrkia masse gonger, ein motor og berre ein etasje.
- Kor mange etasjar kan fly ha då?
- Tre, to, ein -.
- Gjett kven som skal ta fly i dag då: Til bestemor og bestefar, seier Marthe, strålande nøgd.
- Kor bur dei, då?
- Eg veit det, men eg hugsar det ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kor mange etasjar har det flyet, då?
- Null
- Så det er berre vinger og ingen sitjeplassar?
- Ja, seier ho kort, i eit tonefall som om dette var noko me burde visst.
- Me flyr, for viss det er vatn eller lava, eller framfor ein vulkan, seier Magnus.
- Då kan dei stå i vegen for oss, skyt Marthe inn.
- Nei, det er ikkje sånn. Om det er vulkan, då kan det koma røyk og så ser dei ikkje nokon ting. Og så er det langt å køyra bil. Men når eg flyr til Tyrkia, då føles det som om me skal heilt til Amerika.
- Veit du kven eg er syster til, spør Marthe.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Samson.
Men kor har dei to reiselystne lyst å ta vegen om dei kunne velja mellom alle land i verda?
- Os, seier Marthe.
- Då treng me ikkje å fly, seier Magnus.
- Eg kal ikkje reisa heilt til Os i dag, då. I morgon, seier Marthe.
- Ein gong eg var i Tyrkia for lenge sidan, då gjekk eg på tur på ein butikk, det var berre ein trafikk, og så var me der. Det var kjempevarmt, hugsar Magnus.
Kva andre land finst det i verda?
- Amerika, seier Magnus.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og Kina! Seier Marthe.
- Kven bur der då?
- Veit ikkje, må Marthe innrømma.
- Ingen, trur Magnus.
Er det då heilt tomt i heile Kina?
- Ja, forklarer Marthe. Men alle går på kino, og set seg på stolane...
-Men om folk går på kino i Kina, då må det jo bu nokre der?
- Fem stykk, seier Marthe.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nai....det er vel tusen, meiner Magnus.
- Eller seks, seier Marthe.