PBU om E39: Kritiserte Vegvesenet og sykkelveg-planen
Politikarane synest folkemøtet i Oseana var ein flopp, og set spørsmålsteikn ved ny sykkelveg i Rolls-Royce-standard gjennom Øyane.
Høyringsfristen for Den statleg kommunedelplanen for E39 Stord-Os er alt i januar, og politikarane nytta difor mykje av tida i årets siste i plan- og bygningsutvalsmøte på å koma med innspel til planen. Frå administrasjonen si side var det i dei seine nattetimar formulert ein rask tekst som mellom anna vektla omsyn til område som Moberg og Søre Øyane (sjå rammetekst).
Separat sykkelveg?
Iintervju med Os og Fusaposten har Signe Eikenes sagt at det skal vera mogleg å sykla over Bjørnefjordsbrua.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I så fall må den rampast opp på Søre Øyane og inn på det lokale vegnettet, uttalte Eikenes.
Dette blei gjentekepå folkemøtet i Oseana nyleg, då med spesifiseringa at anleggsvegen som må etablerast i Søre Øyane kan gjerast om til gang- og sykkelveg etterpå.
Administrasjonen svarte på dette i sitt forslag til tekst, men formuleringa deira vekte stor diskusjon blant politikarane: "Os kommune ønskjer at sykkelvegen vert planlagt og ført vidare langs heile traseen i full standard fram til Kolskogen, sjølv om sykkelvegen ikkje følgjer bilvegen", heitte det.
Kan ikkje symja i land
- Slik det er formulert, kan det bli ein bane for syklande og ein får gåande. Då byggjer me i realiteten ein ny veg til Søre Øyane med alle dei utfordringane det vil medføra, sa Espen Aspenes (Frp).
Harald Døsen (Ap) la til at dei ved tidlegare høve har fått beskjed om at sykkelvegar skal vera 4,5 meter breie. Ein slik veg vil mellom anna krevja nye bruer i Øyane.
- Når det skal gå sykkelveg over Bjørnefjorden, blir det eit problem når vegen med eitt stuper ned i fjorden og ned i undersjøisk tunell. Då må brua på eit vis hektast på land, for syklistane kan jo ikkje ta sykkelen på ryggen og symja inn, sa Døsen.
Sa nei til administrativ spekulasjon
Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, hevda på si side at kommunen slett ikkje trengte å frykta at ein faktisk ville få det ein bad om.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ber me om ein sti får me i alle fall ikkje noko meir enn eit trakk. Me ber om å at den gjennomgåande sykkelvegen, kalla Nordsjøvegen, blir oppretthalden gjennom bygda. Justerer me ned det kravet, vil ikkje Vegvesenet leggja seg over det kommunen ber om, sa ho.
Utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) samanlikna slik tankegang med dei som spekulerte i å presentera planar med ein ekstra etasje til politikarane, berre for at dei skulle ha noko å høvla vekk.
- Eg har aldri hatt sansen for det. Og eg synest ikkje me skal krevja ein moderne motorveg for sykkel gjennom Øyane, sa Bahus.
Harald Døsen meinte Bahus gjekk for langt.
- Det er for dårleg å ha slike tankar, Gustav. Når me først byggjer ein motorveg med 110 km/t-fartsgrense, må me ha skikkeleg sykkelveg óg, sa han.
Samstemt kritikk av Vegvesenet
Politikarar på båe sider av bordet kritiserte folkemøtet i Oseana for å vera lite relevant i forhold til dei spørsmåla osingane sat med. Harald Døsen var sterkast i sin kritikk:
- Eg er ikkje så flink i store forsamlingar, men eg skulle gjerne ha sagt følgjande på tampen av folkemøtet: "her sit me att med mange spørsmål, men ikkje eitt einaste svar". Det einaste nye no var at røyrbrua blir kutta ut. Men kva av dei tre bruene som vil bli bygt er ikkje så interessant for osingar. Spørsmål om korleis dei på Moberg og Kuventræ faktisk blir råka, fekk me ikkje svar på. Kva var eigentleg vitsen med det folkemøtet då? sa Døsen.
Aina Tjosås sa at ho hadde meldt noko tilsvarande tilbake til Vegvesenet allereie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gustav Bahus var einig, han viste til at Vegvesenet hadde lagt fram detaljerte skisser i store hefte, som m.a. viste eit tunell-innslag i Solbakken.
- Og så gjekk dei inn i folkemøtet og snakka om ingenting. Dei skulle jo ha sagt noko om det som låg presentert ute, sa Bahus.
Opne kontordagar
PBU kom deretter med nokre framlegg til endringar i teksten, som vil bli pussa på av administrasjonen. Når det gjaldt sykkelvegen, blei det føreslått ei formulering om at Vegvesenet må finna så skånsame løysingar som mogleg over Søre Øyane. I tillegg blei det laga ei setning om at Vegvesenet bør ha opne kontordagar på Os der folk som blir råka av bru/tunell-planane får høve til å stilla spørsmål. Det endelege innspelet frå Os kommune vil bli vedteken i kommunestyret neste veke.
Os kommune har følgjande merknader til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord - Os.
Os kommune stør Statens vegvesen i deira tilråding om å velja alternativ B, bru over Bjørnefjorden og lang tunnel frå Øyane og til Moberg, men ser klare utfordringar både med ilandføring ved Kobbavågen i området Moberg-Svegatjørn. Os kommune ønskjer difor å følgja det vidare planarbeidet tett og ber Statens vegvesen leggja til rette for gode lokale medverknadsprosessar.
Og kommune stør Statens vegvesen i at ein jobbar vidare med utvikling av tre ulike brutypar, og at endeleg avgjerd om brutype over Bjørnefjorden må takast på eit seinare tidspunkt.
Når det gjeld ilandføring ved Kobbavågen og overgang frå bru til tunnel ber Os kommune om at inngrepa i denne flotte skjergarden blir så små som mogleg, og at det blir bakt inn i naudsynte avbøtande tiltak både for å redusera lyd og dempa det visuelle inntrykket.
Os kommune ønskjer at sykkelvegen vert planlagt og ført vidare langs heile traseen i full standard fram til Kolskogen, sjølv om sykkelvegen ikkje følgjer bilvegen.
Når det gjeld av- og påkøyring mot sør på Moberg vil Os kommune be om at av- og påkøyringsfelta blir vurderte flytta lenger nord.
Os kommune vil be om at det blir grundig vurdert om ikkje meir av den infrastrukturen som blir bygd i dag mellom Teinevika og Svegatjørn kan nyttast i det nye veganlegget og som del av framtidig av- og påkøyringsfelt.
Når det gjeld daglinje over Ulvenvatnet vil Os kommune be om at det vert jobba vidare med å finna gode løysingar for å dempa ulempene av det store veganlegget både visuelt og støymessig i høve til eksisterande bustader og offentlege funksjonar som ligg i området.
Denne teksten blei endra av PBU, og endeleg tekst blir vedteken i kommunestyret 20. desember.