Osøyro får julegåve verd ein halv mill.
Prosjekt Liv på Øyro og oppgradering av Os hamn får støtte frå Hordaland fylkeskommune. - Dette er skikkeleg gode nyhende og ei ekte julegåve til Osøyro, seier Terje Søviknes.
I haust søkte Os kommune om støtte frå Hordaland fylkeskommune til ei rekkje prosjekt. To av desse har no fått tilsegn om støtte:
1. Prosjekt liv på Øyro, og spesifikt revitaliseringa av Os sentrumsforening og nye aktivitetar i sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
2. Oppgradering av Os hamn.
- Dette er gode nyhende for Os kommune og Liv på Øyro-prosjektet. Hordaland fylkeskommune viser at dei følgjer opp sin strategi om å satsa på regionsenterutvikling, og vi får et solid bidrag til både revitalisering av Os sentrumsforening og utvikling av Os Hamn, seier ordførar Terje Søviknes.
Ei oppfordring med på kjøpet
Til saman vart det søkt om tilskot for kr 1,9 mill. kroner til ulike delprosjekt. To av dei som ikkje har fått støtte i denne omgang, fekk ei oppfordring frå Fylkeskommunen om å søkja separat. Det gjeldprosjektet Gründerpark ogMatkultur-prosjektet. Ordførar Terje Søviknes opplyser om at kommunen no har følgt oppfordringa.
Om prosjekta:
Søknaden skildrar dei to prosjekta.
"Når Os kommune no i samarbeid 50/50 med grunneigarane rustar opp uteromma/torget på Osøyro, må dette følgjast opp med ny aktivitet. Os Sentrumsforening har over tid slitt med organisering og økonomi, og våren 2016 tok Os kommune initiativ til ei revitalisering av foreininga.
Målsettinga er å etablera ei slagkraftig foreining som i tillegg til handelsverksemder tek opp i seg grunneigarar og verksemder innan service og tenesteproduksjon som er lokalisert på Osøyro. Våren 2016 hadde foreininga vel 20 medlemar, og målet er å auka dette til 60 i 2017 og 80 i 2018.
Os Sentrumsforening får tre hovudoppgåver
a) Organisera årleg aktivitetsprogram for Osøyro (kulturarr., marknader, torghandel, festivalar o.l.)
b) Marknadsføra og samordna aktiviteten til verksemdene i sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
c) Arbeida aktivt for komplettering av handels-, service- og tenestetilbodet på Osøyro ved å rekruttera inn nye verksemder (i samarbeid med gårdeigarane)
Oppgradering av Os hamn
Os kommune har teke mål av seg til å av seg til å temja Bjørnefjorden for å skjerma Os Hamn. I samarbeid med Aqua Safe er det utvikla, prosjektert og modelltesta ein ny type bølgjebrytarar som skal leggjast mellom eksisterande steinmoloar i Os Hamn. I desember 2016 vart den første av i alt fire bølgjebrytarar à 50 meter levert frå Tallinn, Estland og ankra opp i hamnebassenget. Denne bølgjebrytaren skal testast ut gjennom vinteren 2016/17, og kommunen har oppsjon på leveranse av dei tre siste i 2017. Samla kostnadsramme for prosjektet er 28 mill. kr.
Utviklingsplan og ressursgruppe
Nye bølgjebrytarar vil gje nye moglegheiter i Os Hamn. Potensialet for å utvikle Os Hamn til ei av det mest attraktive hamnene i Hordaland er stort. Os kommune er allereie i gang med utarbeiding av ny områdeplan for Osøyro, inklusiv hamneområdet.
Potensialet for utvida aktivitet i Os Hamn bør utgreiast og planleggjast nærare som del av denne planen, - herunder fleire permanente småbåtplassar, gjestehamnfasilitetar, framtidig plassering av drivstoffanlegg, utvida næringskaikapasitet, bubilcamp m.m. I tillegg vil kommunen vurdera korleis ein best kan organisera drifta av Os Hamn i framtida (organisasjonsform, privat eller offentleg drift osv).
Vi ønskjer difor å oppretta ei ressursgruppe som får til mandat å utgreia utviklingspotensialet i hamna, samt leggja fram forslag til framtidig organisering av Os Hamn. I dette arbeidet treng ein å knytta til seg hamne- og planfagleg kompetanse."