Køyrd heim av politiet
Natt til laurdag fekk politiet melding om ordensforstyrring på ei adresse aust i Os.
- Ein rusa mann i 40-åra blei fjerna frå staden, og køyrd heim av politiet, seier operasjonsleiar ved Horaland politidistrikt, Morten Rebnor.
Køyrd til rusakutten
Nærmare klokka tre natt til i dag, kontakta legevakta politiet fordi dei trengte hjelp til å handtera ei rusa kvinne i starten av 20-åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei fekk roa ned kvinna, som så blei køyrd i ambulanse til rusakutten i Bergen, seier Rebnor.
Påkøyrd hjort
I Hålandsdalen er det klokka 01.41 natt til i dag meldt om ein hjort som er påkøyrd.
- Sjåføren melde sjølv i frå. Det kom minimale skadar på bilen, og hjorten stakk til skogs. Viltnemda er varsla, og rykker ut, seier Rebnor.