Henta sertifikatet på døra
Onsdag troppa betjenter frå Os lensmannskontor opp på døra til ein mannleg osing i 40-åra. Mannen hadde blitt teken i ein fartskontroll på Austlandet. På oppdrag frå eit politidistrikt på Austlandet hadde betjentane frå Os lensmannskontor fått jobben med å inndra mannens sertifikat.
- Ifølgje målingane hadde han køyrt i 125 km/t i 70-sona. I tillegg til å ha fått inndrege sertifikatet, kan han også venta seg ein bot, seier politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.
Utanlandsk førar meldt
Onsdag kveld hadde Os lensmannskontor ein mindre trafikkontroll i Os sentrum. Her stoppa dei ein utanlandsk sjåfør som ikkje hadde gyldig førarkort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen måtte setja bilen frå seg og gå frå staden. Saka er meldt.