På sjølve marknaden vert det sal av ei rekkje juleprodukt. Her frå fjorårets tilstelling på Øyro.
På sjølve marknaden vert det sal av ei rekkje juleprodukt. Her frå fjorårets tilstelling på Øyro.

Håpar på yrande folkeliv

30 utstillarar har meldt sin ankomst til årets julemarknad på Øyro i helga.

- Vermeldinga lovar godt vinterver og vi ser fram til årets julemarknad. Her blir det mange aktivitetar for store og små, lokkar leiar i sentrumsforeininga, Geir Amundsen.

Hobbystova Kreative Sjeler har juleverkstad i Oshjørnet. Her kan borna få laga julepynt og dei vaksne kan få testa seg på marsipangrisar. I Oshjørnet riggar også Os husflidslag seg til og viser sine aktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I Borgstova sit nissemor og nissefar og ventar på borna for å fortelja nissehistorier og spela for dei, fortel Amundsen.

I det gamle rådhuset på Kyrkjeflaten vert det musikalske overraskingar kvar time heile dagen. Og i Kyrkjetunet er det sett opp eit tablå av julekrybba.

På sjølve marknaden vert det sal av ei rekkje juleprodukt.

Eikhaugen Gjestegard er mellom dei som har meldt sin ankomst. Dei kjem med bakaromn og serverer nybakte bollar og kortreist mat.

Røde Kors kjem og passar på og informerer om verksemda si. Det same gjer Norske Redningshunder.

- Me trur årets marknad skal ha noko for ein kvar smak, avsluttar Amundsen.

Det er nok inga overdriving.