Gul fest i Midtpunkthuset
Ei veke tok det å forvandla Rimi til Coop Prix. I dag var det storstilt opning med ballongar og gul dame.
Ja, marsipankaka var delvis gul. Det same var ballongane, logoen over døra og fargen på hyllene i butikken.
- Eg synest det har blitt veldig fint og ope her. Me er veldig nøgde med resultatet, seier dagleg leiar Linda Veivåg i det ho serverer dei første kundane kake og kaffi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Omstillinga frå Rimi- til Coop Prix-butikk har gått rimeleg smertefritt.
- Det har sjølvsagt vore hektisk, men me har vore effektive. Arbeidet starta sist måndag. I dag er butikken altså ferdig forvandla, seier Veivåg.
Ut i permisjon
Veivåg er gravid og er i desse dagar på veg ut i permisjon. Ny dagleg leiar det neste året vert Hilde Gjerde.
- Det er Hilde som får gleda av å driva vidare her i tida framover. Det blir nok ei spennande tid. Me håpar osingane liker butikken. Sjølv meiner me han er meir open og oversiktleg, seier Veivåg.