Grovt skadeverk på fritidsbustad
Nokon har brote seg inn i ein fritidsbustad på Ferstad, og gjort omfattande skadeverk.
- Me er usikre på når det har skjedd. Me fekk melding om saka i går, fortel politiførstebetjen Rune Fimreite og held fram:
- Dei har knust rutar, og tømt eit brannslukkingsapparat inne. Det er håplaust og øydeleggjande, og det er betydeleg arbeid med å få rydda opp i.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet er interessert i tips i saka, om nokon har sett eller høyrd noko.