Fort kort tid sidan signerte ordførar i Samnanger, Knut Harald Frøland (Bygdelista), ein intensjonsavtale om samanslåing med ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).
Fort kort tid sidan signerte ordførar i Samnanger, Knut Harald Frøland (Bygdelista), ein intensjonsavtale om samanslåing med ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp).

Samnanger + Kvam

I dag signerte Samnanger ein intensjonsavtale med Kvam om samanslåing. Os kommune har ikkje vore i kontakt med samningane sidan førre veke.

Måndag sa 56 prosent av kvemmingane ja til å slå seg saman med Jondal, medan berre 9,5 prosent av jondølingane ønskte det same.

Dagen etter reiste ordførar i Kvam, Jostein Ljones (Sp), ifølgje Hordaland Folkeblad, til Samnanger for å diskutera ein eventuell intensjonsavtale mellom dei to kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ljones seier til avisa at forhandlingsklimaet var godt, og at partane vart samde på rekordtid.

Avtalen vart signert i dag. Dermed har kommunen, som i utgangspunktet var fast bestemt på å stå åleine, signert to intensjonsavtalar på i underkant av to veker. Intensjosnavtalen med Bergen, Osterøy og Vaksdal vart signert dagen etter at fleirtalet i kommunestyret i Samnanger snudde, og sa ja til samanslåing med 12 mot 11 røyster.

I førre veke tok Samnanger også kontakt med Os og Fusa for å høyra om det var mogleg å slutta seg til avtalen som dei to kommunane har forhandla fram. Men ifølgje rådmann i Os, Christian Fotland, og ordførar Terje Søviknes (Frp) har det ikkje vore kontakt mellom partane sidan det.